Matthew 16NO2011NN

1Farisearane og saddukearane kom til han. Dei ville setja han på prøve og bad han visa dei eit teikn frå himmelen.

2Men han svara: {{«Om kvelden seier de: ‘Det blir godt vêr, for himmelen er raud’,

3og om morgonen: ‘I dag blir det uvêr, for himmelen er raud og mørk’. Det de ser på himmelen, veit de å tyda, men teikna for tidene kan de ikkje tyda.}}

4Ei vond og utru slekt krev teikn, men ho skal ikkje få anna teikn enn Jona-teiknet.» Dermed snudde han seg frå dei og drog bort.

5Då dei fór over til den andre sida, hadde læresveinane gløymt å ta med brød.

6Jesus sa til dei: «Pass dykk og ta dykk i vare for surdeigen til farisearane og saddukearane.»

7Dei samtala om dette og sa til kvarandre: «Det er fordi vi ikkje har teke brød med oss.»

8Men Jesus merka det og sa: «Kvifor snakkar de om at de ikkje har brød — de lite truande!

9Skjønar de enno ingenting? Hugsar de ikkje dei fem brøda til dei fem tusen, og kor mange korger de då fekk att?

10Eller dei sju brøda til dei fire tusen, og kor mange korger de då fekk att?

11Korleis kan de tenkja at det var brød eg tala om? Men ta dykk i vare for surdeigen til farisearane og saddukearane.»

12Då skjøna dei at det ikkje var surdeig i brød dei skulle akta seg for, men læra til farisearane og saddukearane.

13Då Jesus kom til bygdene ved Cæsarea Filippi, spurde han læresveinane sine: «Kven seier folk at Menneskesonen er?»

14Dei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia og atter andre Jeremia eller ein annan av profetane.»

15«Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?»

16Då svara Simon Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.»

17Jesus tok til orde og sa: «Sæl er du, Simon, son til Jona. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen.

18Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne.

19Eg vil gje deg nøklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.»

20Så forbaud han læresveinane strengt å seia til nokon at han var Messias.

21Frå den tid tok Jesus Kristus til å gjera det klårt for læresveinane at han laut fara til Jerusalem, og at dei eldste, overprestane og dei skriftlærde skulle la han lida mykje. Han skulle bli slegen i hel, og tredje dagen skulle han reisast opp.

22Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rette og sa: «Gud hjelpe deg, Herre! Dette må aldri henda deg.»

23Men Jesus snudde seg og sa til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du vil føra meg til fall. Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneska vil.»

24Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg.

25For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det.

26Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel?

27For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin saman med englane sine, og då skal han løna kvar og ein etter det han har gjort.

28Sanneleg, eg seier dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei ser Menneskesonen koma med kongsmakt.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Matthew 16.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.