1På den tid fekk landsfyrsten Herodes høyra gjetordet om Jesus.
2Då sa han til tenarane sine: «Det er døyparen Johannes. Han er reist opp frå dei døde, difor er desse kreftene verksame i han.»
3Herodes hadde gripe Johannes og bunde han og kasta han i fengsel. Dette gjorde han for Herodias' skuld, ho som hadde vore gift med Filip, bror hans.
4For Johannes hadde sagt til Herodes: «Du har ikkje lov å ha henne.»
5Herodes ville helst ha drepe han, men han var redd folket; dei heldt Johannes for å vera ein profet.
6Men då Herodes feira fødselsdagen sin, dansa dotter til Herodias for gjestene. Herodes vart så oppglødd over dette
7at han med eid lova å gje henne kva ho så bad om.
8Då fekk mora henne til å seia: «Gjev meg hovudet til døyparen Johannes på eit fat.»
9Kongen vart sorgfull; men fordi han hadde svore, og av omsyn til gjestene, baud han at ho skulle få det,
10og han sende folk som skulle hogga hovudet av Johannes i fengselet.
11Så vart hovudet hans bore inn på eit fat og gjeve til jenta, og ho gjekk til mor si med det.
12Men læresveinane hans kom og henta liket og gravla det. Sidan gjekk dei til Jesus og fortalde det som hadde hendt.
13Då Jesus fekk høyra det, gjekk han ut i ein båt og drog derifrå til ein aud stad, så han kunne vera åleine. Men folk fekk vita det, og dei kom etter han til fots frå byane.
14Då han steig i land, fekk han sjå ei stor folkemengd. Han fekk inderleg medkjensle med dei og lækte dei som var sjuke.
15Då det leid til kvelds, kom læresveinane til han og sa: «Dette er ein aud stad, og dagen lid. Send folket frå deg, så dei kan gå bort i landsbyane og kjøpa seg mat.»
16«Dei treng ikkje gå herifrå», sa Jesus, «de skal gje dei mat!»
17«Vi har ikkje meir enn fem brød og to fiskar», svara dei.
18Då sa Jesus: «Kom hit til meg med det!»
19Så baud han folket setja seg i graset. Og han tok dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Så braut han brøda og gav dei til læresveinane, og læresveinane gav dei til folket.
20Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei stykka som var til overs, tolv fulle korger.
21Dei som hadde ete, var omkring fem tusen menn forutan kvinner og born.
22Straks etter fekk Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til andre sida, medan han tok farvel med folket.
23Då han hadde gjort det, gjekk han opp i fjellet for å vera for seg sjølv og be. Då det leid til kvelds, var han der åleine.
24Båten var alt langt frå land og stridde hardt i bølgjene, for vinden bar imot.
25Men i den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen.
26Og då læresveinane såg han gå på vatnet, vart dei gripne av redsle. «Det er eit gjenferd!» sa dei og var så redde at dei skreik.
27Men i det same tala Jesus til dei: «Ver ved godt mot! Det er eg, ver ikkje redde!»
28Då sa Peter til han: «Herre, er det du, så sei at eg skal koma til deg på vatnet.»
29«Kom!» sa Jesus. Peter steig ut av båten og gjekk på vatnet bort til Jesus.
30Men då han såg kor hardt det bles, vart han redd. Han tok til å søkka, og ropa: «Herre, berg meg!»
31Med det same rette Jesus ut handa og greip han og sa: «Du lite truande — kvifor tvila du?»
32Så steig dei opp i båten, og vinden stilna.
33Men dei som var i båten, tilbad han og sa: «Du er sanneleg Guds Son!»
34Då dei kom over sjøen, la dei til lands i Gennesaret.
35Folket der på staden kjende han att og sende bod rundt i heile området, og dei kom til han med alle som var sjuke.
36Dei bad om at dei berre måtte få ta i dusken på kappefliken hans. Og alle som gjorde det, vart friske.