1Same dagen gjekk Jesus ut og sette seg nede ved sjøen.
2Då samla det seg så mykje folk omkring han at han gjekk ut i ein båt og sat der, medan alt folket stod på stranda.
3Så tala han til dei i mange likningar og sa: «Ein såmann gjekk ut for å så.
4Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp.
5Noko fall på steingrunn der det var lite jord, og det skaut straks opp fordi jorda var grunn.
6Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot.
7Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kvelte det.
8Men noko fall i god jord og gav grøde: noko hundre gonger det som var sådd, noko seksti, noko tretti gonger.
9Den som har øyre, høyr!»
10Då kom læresveinane til han og spurde: «Kvifor talar du til dei i likningar?»
11Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om himmelriket, men ikkje dei andre.
12For den som har, skal få og det i overflod; men den som ikkje har, skal mista sjølv det han har.
13Difor talar eg til dei i likningar, fordi dei ser, men ser ikkje; dei høyrer, men høyrer ikkje og skjønar ikkje.
14På dei har det vorte oppfylt, dette profetordet av Jesaja: De skal høyra og høyra, men ikkje forstå, sjå og sjå, men ikkje skilja!
15For hjartet til dette folket har vorte feitt; tungt høyrer dei med øyra, og auga har dei late att, så dei ikkje kan sjå med auga eller høyra med øyra eller skjøna med hjartet og venda om, så eg får lækja dei.
16Men sæle er auga dykkar, for dei ser, og øyra dykkar, for dei høyrer.
17Sanneleg, eg seier dykk: Mange profetar og rettferdige har lengta etter å sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå det, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra det.
18Så høyr no korleis likninga om såmannen skal tydast:
19Kvar gong nokon høyrer ordet om riket og ikkje skjønar det, kjem den vonde og stel bort det som er sådd i hjartet. Dette er det som vart sådd attmed vegen.
20Det som vart sådd på steingrunn, er den som høyrer ordet og straks tek imot det med glede.
21Men han har inga rot og held ut berre ei stund. Når han møter motgang eller forfølging for ordet skuld, fell han straks ifrå.
22Det som vart sådd mellom klunger, er den som høyrer ordet, men uro for dette livet og den svikefulle rikdomen kveler ordet, så det ikkje gjev grøde.
23Men det som vart sådd i den gode jorda, er den som høyrer ordet og skjønar det. Han gjev grøde: hundre, seksti, tretti gonger det som er sådd.»
24Så sette han fram for dei ei anna likning og sa: «Himmelriket kan liknast med ein mann som hadde sådd godt korn i åkeren sin.
25Men medan folket sov, kom fienden hans og sådde ugras i kveiten og gjekk sin veg.
26Då kornet voks opp og skaut aks, kom ugraset òg til syne.
27Tenarane gjekk til jordeigaren og sa: ‘Herre, sådde du ikkje godt korn i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?’
28‘Det har ein fiende gjort’, svara han. ‘Vil du vi skal gå og riva det opp?’ spurde dei.
29‘Nei’, svara han, ‘for når de riv opp ugraset, kunne de samstundes koma til å riva opp kveiten.
30Lat dei begge veksa side om side til hausten. Og når tida for innhaustinga kjem, vil eg seia til dei som haustar inn: Sank først saman ugraset og bunt det i hop til å brennast. Men kveiten skal de samla i låven min.’»
31Ei likning til sette han fram: «Himmelriket er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i åkeren sin.
32Det er mindre enn alle andre frø, men når det har vakse opp, er det større enn andre hagevokstrar. Det blir til eit tre, og fuglane under himmelen kjem og byggjer reir i greinene på det.»
33Endå ei likning fortalde han dei: «Himmelriket er likt ein surdeig som ei kvinne tok og la inn i tre mål med mjøl, til alt var gjennomsyra.»
34Alt dette sa Jesus til folket i likningar, og han sa ikkje noko til dei utan i likningar.
35Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profeten: Eg vil opna munnen og tala i likningar, bera fram det som har vore løynt frå verda vart grunnlagd.
36Så tok Jesus farvel med folket og gjekk inn. Då kom læresveinane til han og sa: «Forklar oss likninga om ugraset i åkeren!»
37Han svara: «Den som sår det gode kornet, er Menneskesonen.
38Åkeren er verda. Det gode kornet er dei som er born av riket, ugraset er borna til den vonde.
39Fienden som sådde ugraset, er djevelen. Innhaustinga er enden på verda, dei som haustar inn, er englane.
40Og slik som ugraset blir sanka saman og brent på elden, slik skal det gå når enden på verda kjem:
41Menneskesonen skal senda ut englane sine, og dei skal sanka saman og ta ut av riket hans alt som fører til fall, og alle som gjer urett,
42og kasta dei i eldomnen, der dei græt og skjer tenner.
43Då skal dei rettferdige skina som sola i sin Fars rike. Den som har øyre, høyr!
44Himmelriket er likt ein skatt som var gøymd i ein åker. Ein mann fann skatten og gøymde han att. Glad som han var, gjekk han bort og selde alt det han eigde, og kjøpte åkeren.
45Like eins er himmelriket likt ein kjøpmann som leita etter vakre perler.
46Då han fann ei svært verdfull perle, gjekk han bort og selde alt det han eigde, og kjøpte henne.
47Like eins er himmelriket likt ei dragnot som vart sett i sjøen og fanga fisk av alle slag.
48Då ho var full, drog fiskarane henne opp på stranda. Så sette dei seg ned og samla den gode fisken i kar, men den ubrukelege kasta dei ut.
49Slik skal det gå når enden på verda kjem. Englane skal fara ut og skilja dei vonde frå dei rettferdige
50og kasta dei i eldomnen, der dei græt og skjer tenner.
51Har de skjøna alt dette?» «Ja», svara dei.
52Då sa han til dei: «Difor er kvar skriftlærd som har vorte læresvein av himmelriket, lik ein husherre som hentar fram nytt og gammalt av det han har samla.»
53Då Jesus var ferdig med å fortelja desse likningane, drog han derifrå
54og kom til heimstaden sin. Der underviste han folket i synagogen deira så dei vart fulle av undring og spurde: «Kvar har han denne visdomen og desse mektige gjerningane frå?
55Er ikkje dette son til tømmermannen? Heiter ikkje mor hans Maria? Er ikkje brørne hans Jakob og Josef og Simon og Judas?
56Og systrene hans, bur dei ikkje her alle saman? Kvar har han så alt dette frå?»
57Dei vart forarga og avviste han. Men Jesus sa til dei: «Ein profet blir ikkje vanvørd andre stader enn på heimstaden og i sitt eige hus.»
58Og han gjorde ikkje mange mektige gjerningar der fordi dei var så vantruande.