Mark 13NO2011NN

1Då Jesus var på veg ut frå tempelet, sa ein av læresveinane til han: «Sjå, meister, for nokre steinar og byggverk!»

2Han svara: «Ja, ser du desse veldige bygningane? Her skal ikkje liggja att stein på stein, alt skal rivast ned.»

3Då han sat på Oljeberget midt imot tempelet og Peter, Jakob, Johannes og Andreas var åleine med han, spurde dei han:

4«Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet på at alt dette skal fullendast?»

5Jesus tok til orde og sa til dei: «Ta dykk i vare så ingen fører dykk vill!

6Mange skal koma i mitt namn og seia: ‘Det er eg!’ Og dei skal føra mange på villspor.

7Når de høyrer om krig og det går rykte om krig, så lat dykk ikkje skremma! Dette må henda, men enno er ikkje enden komen.

8Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike, og det skal vera jordskjelv på stad etter stad, og hungersnaud. Dette er byrjinga på fødselsriene.

9Men ta dykk i vare! Dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogane, og for mi skuld skal de førast fram for landshovdingar og kongar, så de kan vitna for dei.

10Og evangeliet må først forkynnast for alle folkeslag.

11Men når dei arresterer dykk og fører dykk for retten, så ver ikkje på førehand urolege for kva de skal seia, men sei det som blir gjeve dykk i same stund! For det er ikkje de som talar, men Den heilage ande.

12Bror skal senda bror i døden, og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra og senda dei i døden.

13Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Berre den som held ut til enden, skal bli frelst.

14Når de ser det motbydelege som øydelegg, stå der det ikkje skulle stå — skjøn det, den som les! — då må dei som er i Judea, rømma til fjells,

15den som er på taket, må ikkje gå ned og inn i huset og henta noko,

16og den som er ute på marka, må ikkje gå tilbake etter kappa si.

17Ve dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane!

18Og be om at det ikkje må henda om vinteren!

19For i dei dagane skal det koma ei trengselstid som det aldri før har vore, frå Gud i opphavet skapte verda og fram til no, og som det aldri meir skal bli.

20Og gjorde ikkje Herren dei dagane kortare, så vart ikkje noko menneske frelst. Men for deira skuld som han valde ut, har han gjort dei dagane kortare.

21Om nokon då seier til dykk: ‘Sjå, her er Messias’ eller: ‘Sjå, der er han’, så tru det ikkje!

22For falske messiasar og falske profetar skal stå fram og gjera teikn og under for å føra dei utvalde vill, om dei kan.

23Så ver på vakt! Eg har sagt dykk alt på førehand.

24Men i dei dagane, etter denne trengselstida, skal sola formørkjast og månen mista sitt lys.

25Stjernene skal falla frå himmelen og kreftene i himmelrommet bli rokka.

26Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skyene med stor makt og herlegdom.

27Han skal senda ut englane og samla dei utvalde frå dei fire verdshjørna, frå den ytste enden av jorda til den ytste enden av himmelen.

28Lær denne likninga av fikentreet: Når det kjem sevje i greinene og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær.

29Like eins veit de at han er nær, ja, rett utfor døra, når de ser at dette hender.

30Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender.

31Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.

32Men dagen eller timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.

33Ver på vakt, hald dykk vakne! For de veit ikkje når tida er inne.

34Det er som når ein mann er utanlands. Før han fór heimanfrå, overlét han ansvaret til tenarane sine. Kvar av dei fekk sitt å gjera, og til dørvaktaren sa han at han skulle vaka.

35Så vak då! For de veit ikkje kva tid husherren kjem, anten det er om kvelden, midt på natta, når hanen gjel, eller når dagen renn.

36Lat han ikkje finna dykk sovande når han brått kjem.

37Det eg seier til dykk, det seier eg til alle: Ver vakne!»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Mark 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.