1Så tok han til å tala til dei i likningar: «Ein mann planta ei vinmark. Han sette gjerde rundt, hogg ut ei vinpresse og bygde eit vakttårn. Så leigde han marka bort til nokre vinbønder og drog utanlands.
2Då tida kom, sende han ein tenar til bøndene for å få sin del av avlinga.
3Men dei greip tenaren, skamslo han og sende han tomhendt bort.
4Sidan sende eigaren ein annan tenar til dei. Han slo dei i hovudet og spotta.
5Då sende han endå ein, og han slo dei i hel. Såleis gjekk det med mange: Somme skamslo dei, og somme drap dei.
6No hadde han ein einaste att, sin eigen son, som han hadde så kjær. Til sist sende han sonen til dei, for han tenkte: ‘Son min har dei nok vørdnad for.’
7Men vinbøndene sa til kvarandre: ‘Der har vi arvingen. Kom, lat oss slå han i hel, og arven er vår.’
8Så tok dei han og slo han i hel og kasta han ut av vingarden.
9Kva skal no vingardsherren gjera? Han skal koma og gjera ende på vinbøndene og la andre få vingarden.
10Har de ikkje lese dette ordet i Skrifta: Steinen som bygningsmennene vraka, har vorte hjørnestein.
11Det er Herrens eige verk, underfullt er det i våre auge. »
12Då ville dei gjerne ha gripe han, for dei skjøna at det var dei han sikta til med likninga si. Men dei torde ikkje for folket. Difor lét dei han vera og gjekk sin veg.
13Sidan sende dei nokre av farisearane og herodianarane som skulle fanga han i ord.
14Dei kom og sa til han: «Meister, vi veit at du er ærleg og ikkje bryr deg om kva andre meiner. For du gjer ikkje skilnad på folk, men lærer i sanning Guds veg. Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje? Skal vi betala, eller skal vi la det vera?»
15Men Jesus merka hykleriet deira og sa til dei: «Kvifor set de meg på prøve? Kom med ein denar og lat meg få sjå han!»
16Dei gav han ein, og han spurde: «Kven har biletet og namnet sitt her?» «Keisaren», svara dei.
17Då sa Jesus til dei: «Gjev då keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til!» Og dei undra seg over han.
18Så kom det nokre saddukearar til han, dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet:
19«Meister, Moses har gjeve oss dette påbodet: Om ein mann har ein bror som døyr og etterlèt seg kone, men ikkje born, skal han gifta seg med enkja og halda oppe ætta til bror sin.
20No var det sju brør. Den første tok seg ei kone, men døydde utan å etterlata seg born.
21Så gifte den andre seg med henne; han òg døydde barnlaus, og på same måten gjekk det med den tredje.
22Ingen av dei sju etterlét seg born. Sist av dei alle døydde kvinna.
23Men i oppstoda, den dagen dei står opp att, kven av dei skal då ha henne til kone? Alle sju har då vore gifte med henne.»
24Jesus sa til dei: «De er på ville vegar! Og er ikkje det fordi de verken kjenner skriftene eller Guds makt?
25For når dei døde står opp, gifter dei seg ikkje og blir ikkje bortgifte; nei, dei er som englane i himmelen.
26Men at dei døde står opp, har de ikkje lese om det i Moseboka, i forteljinga om klungeren? Gud tala til Moses og sa: ‘ Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud. ’
27Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande. De er heilt på ville vegar.»
28Ein av dei skriftlærde som hadde høyrt på dette ordskiftet, skjøna at Jesus hadde svara dei godt. No kom han bort til han og spurde: «Kva for eit bod er det første av alle?»
29Jesus svara: «Dette er det første bodet: ‘ Høyr, Israel! Herren vår Gud, Herren er éin.
30Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt. ’
31Det andre er dette: ‘ Du skal elska nesten din som deg sjølv. ’ Noko større bod enn desse finst ikkje.»
32Den skriftlærde sa til han: «Du svarar godt, meister! Det er sant som du seier: Herren er éin, og det finst ingen annan enn han.
33Å elska han av heile sitt hjarte og av alt sitt vit og av all si makt og å elska nesten sin som seg sjølv, det er meir verdt enn alle brennoffer og slaktoffer.»
34Då Jesus høyrde kor klokt han svara, sa han til den skriftlærde: «Du er ikkje langt borte frå Guds rike.» Og ingen våga å spørja han meir.
35Ein gong Jesus underviste på tempelplassen, sa han: «Korleis kan dei skriftlærde seia at Messias er Davids son?
36For David sjølv seier i Den heilage ande: ‘ Herren sa til min herre: Set deg ved mi høgre hand til eg får lagt dine fiendar under dine føter. ’
37David sjølv kallar han herre, korleis kan han då vera Davids son?» Den store folkemengda høyrde gjerne på Jesus.
38Og medan han underviste, sa han: «Pass dykk for dei skriftlærde! Dei vil gjerne gå omkring i lange kapper, ta imot helsingar på torget,
39sitja fremst i synagogane og ha heidersplassane i gjestebod.
40Dei et enkjer ut av huset og held lange bøner for syns skuld. Dei skal få så mykje hardare dom.»
41Ein gong sette Jesus seg midt imot tempelkista og såg på korleis folk la pengar i henne. Og mange rike gav mykje.
42Så kom det ei fattig enkje og la i to småmyntar, nokre få øre.
43Då kalla han læresveinane til seg og sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre som la pengar i tempelkista.
44For dei gav alle av si overflod, men ho gav av sin fattigdom alt det ho eigde, alt det ho skulle leva av.»