1No var det berre to dagar att til påske og høgtida med usyra brød. Overprestane og dei skriftlærde prøvde å finna ut korleis dei kunne gripa Jesus med list og slå han i hel.
2«Det må ikkje gjerast under høgtida», sa dei, «for då kan det bli uro i folket.»
3Jesus var no i Betania, heime hos Simon den spedalske. Medan dei låg til bords, kom det inn ei kvinne med ei alabastkrukke full av ekte og svært dyr nardussalve. Ho braut krukka og helte salven ut over hovudet hans.
4Nokre som var der, vart arge og sa til kvarandre: «Kva skal ei slik sløsing med salve tena til?
5Salven kunne vore seld for meir enn tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige.» Og dei tala strengt til henne.
6Men Jesus sa: «Lat henne vera! Kvifor plagar de henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg.
7Dei fattige har de alltid hos dykk, og dei kan de gjera vel imot når de vil, men meg har de ikkje alltid.
8Ho gjorde det ho kunne. Ho har på førehand salva kroppen min til gravferda.
9Sanneleg, eg seier dykk: Overalt i verda der evangeliet blir forkynt, skal det ho gjorde, bli fortalt til minne om henne.»
10Judas Iskariot, ein av dei tolv, gjekk til overprestane og baud seg til å gje Jesus over til dei.
11Då dei høyrde det, vart dei glade og lova å gje han pengar. Og sidan leita han etter eit lagleg høve til å svika Jesus.
12Den første dagen i høgtida med usyra brød, den dagen dei slakta påskelammet, sa læresveinane til Jesus: «Kvar vil du vi skal gå og stella i stand så du kan halda påskemåltid?»
13Då sende han to av læresveinane sine i veg og sa til dei: «Gå inn i byen! Der kjem ein mann som ber ei krukke med vatn, til å møta dykk. Han skal de følgja,
14og der han går inn, skal de seia til han som eig huset: ‘Meisteren spør: Kvar er rommet der eg kan halda påskemåltid med læresveinane mine?’
15Då viser han dykk eit stort rom ovanpå, gjort i stand med teppe og puter. Der skal de stella til for oss.»
16Så gjekk læresveinane av stad. Dei kom inn i byen og fann det slik som han hadde sagt. Og dei gjorde i stand påskemåltidet.
17Då det vart kveld, kom Jesus med dei tolv.
18Medan dei var til bords og åt, sa han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg — ein som et i lag med meg.»
19Då vart dei sorgfulle, og den eine etter den andre spurde han: «Det er vel ikkje eg?»
20Han svara: «Det er ein av dei tolv, ein som dyppar i fatet saman med meg.
21For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han. Men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var fødd.»
22Medan dei heldt måltid, tok han eit brød, takka og braut det, gav dei og sa: «Ta imot, dette er min kropp.»
23Og han tok eit beger, takka og gav dei, og dei drakk alle av det.
24Og han sa til dei: «Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange.
25Sanneleg, eg seier dykk: Aldri meir skal eg drikka frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny i Guds rike.»
26Etter at dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.
27Då seier Jesus til dei: «De kjem alle til å falla ifrå og venda dykk bort frå meg, for det står skrive: Eg skal slå gjetaren, og sauene skal spreiast.
28Men når eg har stått opp att, skal eg gå føre dykk til Galilea.»
29Då sa Peter: «Om så alle vender seg bort frå deg — eg gjer det ikkje!»
30Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: No i natt, før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.»
31Men Peter tok sterkare i og sa: «Om eg så må døy med deg, skal eg ikkje fornekta deg!» Det same sa dei alle.
32Då dei kom til ein stad som heiter Getsemane, sa Jesus til læresveinane: «Sit her medan eg bed!»
33Så tok han med seg Peter, Jakob og Johannes. Han vart gripen av angst og gru
34og sa til dei: « Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak!»
35Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg til jorda og bad at denne timen måtte gå han forbi, om det var råd.
36«Abba, Far!» sa han. «Alt er mogleg for deg. Ta dette begeret frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.»
37Då han kom tilbake, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Simon, søv du? Makta du ikkje å vaka ein einaste time?
38Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.»
39Så gjekk han bort att og bad med dei same orda.
40Då han kom tilbake, såg han at dei hadde sovna til att, for auga deira var tunge av søvn. Og dei visste ikkje kva dei skulle svara han.
41Tredje gongen kom han til dei og sa: «Søv de framleis og kviler! No er det avgjort. Timen er komen. Menneskesonen skal gjevast over i syndarhender.
42Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.»
43I det same, før han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med han ein flokk som var væpna med sverd og stokkar. Dei kom frå overprestane, dei skriftlærde og dei eldste.
44Svikaren hadde avtala eit teikn med dei: «Den eg kysser, han er det. Ta han og før han bort med sikker vakt.»
45Og då han kom, gjekk han straks bort til Jesus og sa: «Rabbi!» og kyste han.
46Så la dei hand på han og tok han til fange.
47Ein av dei som stod der, drog då sverdet, hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde øyret av han.
48Men Jesus sa til dei: «De kjem med sverd og stokkar og vil gripa meg, som om eg var ein røvar.
49Dag etter dag var eg hos dykk på tempelplassen og underviste. Då tok de meg ikkje. Men dette har hendt for at skriftene skulle oppfyllast.»
50Då forlét alle Jesus og rømde bort.
51Ein ung mann følgde etter Jesus; han hadde berre eit linklede om seg. Dei tok han,
52men han sleppte linkledet og rømde naken.
53Så førte dei Jesus til øvstepresten, og der kom dei saman, alle overprestane, dei eldste og dei skriftlærde.
54Men Peter følgde etter Jesus, eit langt stykke unna, til han kom inn på gardsplassen hos øvstepresten. Der sette han seg mellom vaktmennene og vermde seg ved elden.
55Overprestane og heile Rådet prøvde å få fram vitneutsegner mot Jesus så dei kunne få dømt han til døden. Men dei fekk ikkje noko på han.
56Det var mange som vitna falskt mot han, men vitneutsegnene samsvara ikkje.
57Då stod det fram nokre som vitna falskt mot han og sa:
58«Vi har høyrt han seia: ‘Eg skal riva ned dette tempelet som er gjort med hender, og på tre dagar skal eg byggja opp eit anna som ikkje er gjort med hender.’»
59Men heller ikkje no var det samsvar mellom vitneforklaringane.
60Då reiste øvstepresten seg, steig fram og spurde Jesus: «Har du ikkje noko svar på skuldingane mot deg?»
61Men Jesus tagde og svara ikkje eitt ord. Atter spurde øvstepresten: «Er du Messias, Son til Den velsigna?»
62Jesus svara: «Det er eg. Og de skal få sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa til Den mektige og koma med himmelskyene. »
63Då reiv øvstepresten sund kappa si og sa: «Kva skal vi med fleire vitne?
64De har høyrt korleis han spottar Gud. Kva meiner de?» Alle felte den dommen at han var skuldig til å døy.
65Då tok somme til å spytta på han, og dei batt for auga hans, slo han med nevane og sa: «No kan du vera profet!» Og vaktmennene gjekk laus på han med piskeslag.
66Medan Peter var nede på gardsplassen, kom ei av tenestejentene hos øvstepresten.
67Då ho såg Peter som sat og vermde seg, stirte ho på han og sa: «Du òg var med denne Jesus frå Nasaret.»
68Men han nekta. «Eg skjønar ikkje og forstår ikkje kva du snakkar om», sa han og gjekk ut i portrommet. {{Då gol hanen.}}
69Men jenta fekk auge på han att, og sa igjen til dei som stod omkring: «Han der er ein av dei.»
70Men han nekta på nytt. Litt etter sa dei som stod der, til Peter: «Jo visst er du ein av dei! Du er då galilear.»
71Men han sette i og banna og svor: «Eg kjenner ikkje denne mannen de snakkar om.»
72Straks gol hanen andre gongen. Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: «Før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han brast i gråt.