Luke 4NO2011NN

1Fylt av Den heilage ande kom Jesus tilbake frå Jordan. Og Anden førte han omkring i førti dagar i øydemarka,

2der han vart freista av djevelen. I dei dagane åt han ingenting, og då dagane var til ende, tok svolten han.

3Då sa djevelen til han: «Er du Guds Son, så sei til denne steinen at han skal bli til brød.»

4Men Jesus svara: «Det står skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød. »

5Då førte djevelen han høgt opp og synte han i ein augneblink alle rika i verda

6og sa: «Eg vil gje deg all denne makta og herlegdomen. For makta er lagd i mi hand, og eg gjev henne til kven eg vil.

7Fell du no ned og tilbed meg, skal det vera ditt alt saman.»

8Då svara Jesus: «Det står skrive: Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena.»

9Så tok djevelen han med seg til Jerusalem, sette han ytst på tempelmuren og sa: «Er du Guds Son, så kast deg ned herifrå.

10For det står skrive: Han skal gje englane sine påbod om å verna deg.

11Og: Dei skal bera deg på hendene så du ikkje støyter foten på nokon stein.»

12Men Jesus svara: «Det er sagt: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.»

13Då djevelen slik hadde freista han på alle vis, heldt han seg borte frå Jesus ei tid.

14I Andens kraft vende Jesus attende til Galilea. Og ordet om han spreidde seg i alle bygdene der omkring.

15Han underviste i synagogane, og alle tala vel om han.

16Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagogen, som han brukte å gjera. Han reiste seg for å lesa frå Skrifta,

17og dei gav han boka til profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:

18Herrens Ande er over meg, for han har salva meg til å forkynna ein god bodskap for fattige. Han har sendt meg for å ropa ut at fangar skal få fridom og at blinde skal få sjå, for å setja undertrykte fri

19og ropa ut eit nådeår frå Herren.

20Så rulla han bokrullen saman, gav han til synagogetenaren og sette seg. Og alle som var i synagogen, heldt auga feste på han.

21Då tala han til dei og byrja slik: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.»

22Alle tala vel om han og undra seg over nådeorda som kom frå hans munn. «Er ikkje dette son til Josef?» spurde dei.

23Då sa Jesus til dei: «De kjem sikkert til å minna meg om ordtaket: ‘Lege, læk deg sjølv!’ og seia: ‘Vi har høyrt om alt du har gjort i Kapernaum. Gjer no det same på heimstaden din!’»

24Og han heldt fram: «Sanneleg, eg seier dykk: Ingen profet er velkomen på heimstaden sin.

25Ja, eg seier dykk som sant er: Det var mange enkjer i Israel i dei dagane då Elia levde, då himmelen var stengd i tre år og seks månader og det vart ei stor hungersnaud i heile landet.

26Likevel vart ikkje Elia send til nokon av dei, berre til ei enkje i Sarepta i Sidon-landet.

27Og det var mange med hudsjukdom i Israel den tid profeten Elisja levde, men ingen av dei vart reine att, berre syraren Naaman.»

28Då vart dei brennande harme, alle som var i synagogen og høyrde dette.

29Dei fór opp og jaga han ut av byen, mot ein skrent i åssida der byen deira låg. Der ville dei støyta han utfor.

30Men han gjekk midt igjennom flokken og bort derifrå.

31Så tok Jesus vegen ned til Kapernaum, ein by i Galilea. Han underviste dei på sabbaten,

32og dei var slegne av undring over læra hans, for han tala med makt og mynde.

33I synagogen var det ein mann som hadde ei vond og urein ånd. Han sette i å ropa av all kraft:

34«Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å øydeleggja oss? Eg veit kven du er: Guds Heilage!»

35Men Jesus truga ånda og sa: «Tei still og far ut av han!» Den vonde ånda kasta mannen ned midt blant dei og fór ut av han, men skadde han ikkje.

36Då kom det otte og undring over alle, og dei sa seg imellom: «Kva er dette for tale? Med makt og mynde byd han dei ureine åndene, og dei fer ut.»

37Og ordet om han fór over alle bygdene der omkring.

38Frå synagogen gjekk Jesus heim til Simon. Svigermor til Simon låg sjuk og hadde høg feber, og dei bad Jesus hjelpa henne.

39Han gjekk fram, bøygde seg over henne og truga feberen så han sleppte henne. Og med ein gong stod ho opp og stelte for dei.

40Då sola gjekk ned, kom alle til han med sine sjuke, same kva sjukdom dei var plaga av. Og han la hendene på kvar og ein av dei og lækte dei.

41Mange fór det vonde ånder ut av, og dei skreik og ropa: «Du er Guds Son!» Men han truga dei og gav dei ikkje lov til å tala. For dei visste at han var Messias.

42Då det vart morgon dagen etter, fór han ut til ein aud stad. Folket gav seg til å leita etter han, og då dei kom dit han var, prøvde dei å halda han att, så han ikkje skulle gå frå dei.

43Men han sa: «Eg må bera fram den gode bodskapen om Guds rike i dei andre byane òg. Det er det eg er send for.»

44Og han heldt fram med å forkynna i synagogane i Judea.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Luke 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.