1Ein gong stod Jesus nede ved Gennesaretsjøen, og folket trengde seg om han for å høyra Guds ord.
2Då fekk han sjå to båtar som låg ved stranda. Fiskarane hadde stige ut av dei og heldt på å skylja garna.
3Jesus steig ut i ein av båtane, den som høyrde Simon til, og bad han leggja litt ut frå land. Så sette han seg og underviste folket frå båten.
4Då han hadde tala ferdig, sa han til Simon: «Legg ut på djupet og set garna, så de kan få fisk.»
5«Meister», svara Simon, «vi har streva i heile natt og ikkje fått noko. Men på ditt ord vil eg setja garna.»
6Så gjorde dei det, og då stengde dei slik ei mengd med fisk at garna heldt på å rivna.
7Dei gav teikn til arbeidslaget i den andre båten at dei skulle koma og ta i med dei. Og då dei kom, fylte dei begge båtane, så det var nære på dei sokk.
8Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sa: «Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann.»
9For både han og alle som var med han, vart fulle av otte og undring over fiskefangsten dei hadde fått.
10Like eins var det med Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, som fiska saman med Simon. Men Jesus sa til Simon: «Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske.»
11Så rodde dei båtane i land, gjekk frå alt og følgde han.
12Ein gong han var i ein av byane, kom ein spedalsk mann, full av sår. Då han fekk sjå Jesus, kasta han seg ned med andletet mot jorda og bad: «Herre, om du vil, kan du gjera meg rein.»
13Jesus rette ut handa og rørte ved han. «Eg vil», sa han. «Bli rein!» Og med det same var sjukdomen borte.
14Jesus forbaud han å seia det til nokon. «Men gå og vis deg for presten», sa han, «og ber fram eit offer for reinsinga di, slik som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.»
15Men ordet om han spreidde seg berre endå vidare, og folk kom i flokk og følgje for å høyra på han og bli lækte for sjukdomane sine.
16Men sjølv trekte han seg ofte tilbake til aude stader og var der og bad.
17Ein dag heldt han på og underviste, og der sat farisearar og lovlærarar som var komne frå alle landsbyane i Galilea og frå Judea og Jerusalem. Jesus hadde Herrens kraft så han kunne lækja.
18Då kom nokre menn berande med ein som var lam og låg på ei båre. Dei prøvde å bera han inn og setja han ned framfor Jesus,
19men såg seg inga råd til å koma inn med han for folkemengda. Så gjekk dei opp på taket, tok til sides takstein og firte han ned på båra, beint framfor Jesus.
20Då Jesus såg trua deira, sa han: «Ven, syndene dine er deg tilgjevne.»
21Men dei skriftlærde og farisearane tenkte med seg: «Kva er dette for ein? Han spottar Gud. Kven andre kan tilgje synder enn Gud åleine?»
22Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Kva er det for tankar de går med i hjartet?
23Kva er lettast å seia: ‘Syndene dine er deg tilgjevne’ eller: ‘Stå opp og gå’?
24Men for at de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» — og no tala han til den lamme — «så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!»
25Og med ein gong reiste mannen seg midt for auga deira, tok båra som han hadde lege på, og gjekk heim med lov og takk til Gud.
26Då vart dei alle heilt frå seg av undring og lova Gud. Og fulle av otte sa dei: «I dag har vi sett utrulege ting!»
27Sidan gjekk Jesus ut. Då fekk han sjå ein tollar som heitte Levi. Han sat på tollbua. Jesus sa til han: «Følg meg!»
28Då stod han opp, gjekk frå alt og følgde Jesus.
29Levi heldt eit stort gjestebod for han heime hos seg. Og ein heil flokk tollarar og andre var til bords saman med dei.
30Farisearane og dei skriftlærde blant dei murra og sa til læresveinane: «Kvifor et og drikk de saman med tollarar og syndarar?»
31Men Jesus svara: «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei som har det vondt.
32Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til omvending.»
33Så sa dei til han: «Læresveinane til Johannes fastar ofte og held bøn, og det same gjer læresveinane til farisearane, men dine et og drikk.»
34«Kan de få bryllaupsgjestene til å fasta medan brudgomen er hos dei?» svara Jesus.
35«Men det skal koma ei tid då brudgomen blir teken frå dei, og når dei dagane kjem, då skal dei fasta.»
36Han fortalde dei òg ei likning: «Ingen riv eit stykke av eit nytt klesplagg og bruker det til bot på eit gammalt. For då blir det nye klesplagget sundrive, og bota frå det nye passar ikkje på det gamle.
37Og ingen fyller ny vin i gamle skinnsekker. For då sprengjer den nye vinen sekkene, vinen renn ut, og sekkene blir øydelagde.
38Nei, ny vin må ein fylla i nye skinnsekker.
39Og ingen som har drukke gammal vin, har lyst på ny. Han vil seia at den gamle er best.»