Luke 3NO2011NN

1Det var i det femtande styringsåret til keisar Tiberius. Pontius Pilatus var landshovding i Judea, Herodes var landsfyrste i Galilea, Filip, bror hans, i Iturea og Trakonitis, Lysanias i Abilene,

2og Annas og Kaifas var øvsteprestar. Då kom Guds ord til Johannes, son til Sakarja, i øydemarka.

3Og han drog omkring i heile Jordan-landet og forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene,

4slik som det står skrive i boka med profeten Jesajas ord: Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette!

5Kvar dal skal fyllast, kvart fjell og kvar haug skal jamnast ut. Dei krokete vegane skal bli rette, dei steinete stigane bli slette.

6Og alle menneske skal sjå Guds frelse.

7I flokk og følgje drog folk ut for å bli døypte av Johannes, og han sa til dei: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den vreiden som skal koma?

8Så ber då frukt som viser at de er omvende! Prøv ikkje å seia til dykk sjølve: ‘Vi har Abraham til far.’ For eg seier dykk: Gud kan vekkja opp born for Abraham av desse steinane.

9Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden.»

10«Kva skal vi då gjera?» spurde folket.

11Han svara: «Den som har to kjortlar, skal dela med den som ingen har, og den som har mat, skal gjera det same.»

12Det kom òg nokre tollarar og ville bli døypte. Dei spurde: «Meister, kva skal vi gjera?»

13«Krev ikkje inn meir enn det som er fastsett», svara han.

14«Og vi, kva skal vi gjera?» spurde nokre soldatar. Han svara: «Truga ikkje pengar frå nokon med vald eller falske skuldingar, men ver fornøgde med løna dykkar.»

15Folket gjekk no i venting, og alle tenkte i sitt hjarte: Tru om Johannes kan vera Messias?

16Då tok han til orde og sa til dei alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg, og eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Den heilage ande og eld.

17Han har kasteskovla i handa for å reinsa kornet på treskjeplassen. Kveiten skal han samla i låven sin, men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»

18Dette og mykje anna la han folket på hjartet når han forkynte bodskapen for dei.

19Men då han refsa landsfyrsten Herodes fordi han levde med Herodias, brorkona si, og gjorde mykje anna vondt,

20la Herodes ei ny ugjerning til alle dei andre: Han kasta Johannes i fengsel.

21Alt folket lét seg no døypa, og Jesus vart òg døypt. Medan han bad, opna himmelen seg,

22og Den heilage ande dala ned over han i skapnad av ei due. Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.»

23Jesus var omkring tretti år gammal då han tok til med si gjerning. Han vart halden for å vera son til Josef, som var son til Eli,

24son til Mattat, son til Levi, son til Melki, son til Jannai, son til Josef,

25son til Mattatja, son til Amos, son til Nahum, son til Esli, son til Naggai,

26son til Maat, son til Mattatja, son til Sjimi, son til Josek, son til Joda,

27son til Johanan, son til Resa, son til Serubabel, son til Sjealtiel, son til Neri,

28son til Melki, son til Addi, son til Kosam, son til Elmadam, son til Er,

29son til Josva, son til Elieser, son til Jorim, son til Mattat, son til Levi,

30son til Simeon, son til Juda, son til Josef, son til Jonam, son til Eljakim,

31son til Melea, son til Menna, son til Mattata, son til Natan, son til David,

32son til Isai, son til Obed, son til Boas, son til Salma, son til Nahsjon,

33son til Amminadab, son til Admin, son til Arni, son til Hesron, son til Peres, son til Juda,

34son til Jakob, son til Isak, son til Abraham, son til Tarah, son til Nahor,

35son til Serug, son til Re'u, son til Peleg, son til Eber, son til Sjelah,

36son til Kenan, son til Arpaksjad, son til Sem, son til Noah, son til Lamek,

37son til Metusjalah, son til Henok, son til Jared, son til Mahalalel, son til Kenan,

38son til Enosj, son til Set, son til Adam, son til Gud.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Luke 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.