Lamentations 4NO2011NN

1Alef א [1] Gullet har mista sin glans, det fine gullet er forandra! Dei heilage steinane ligg strødde på alle gatehjørne. Bet ב

2Sions utvalde søner, verde si vekt i gull, blir rekna som leirkar, eit verk av pottemakarhand! Gimel ג

3Jamvel sjakalar held spenane fram, dei lèt ungane suga. Men folket, mi dotter, har vorte hjartelaust som strutsen i ørkenen. Dalet ד

4Spedborna er tørste, tunga klistrar seg til ganen. Småborna tiggar om brød, men ingen gjev dei ein bit. He ה

5Dei som åt lekre retter, fell om i gatene. Dei som vart fostra opp i skarlak, kastar seg over dungane. Waw ו

6Skulda til folket, mi dotter, er større enn synda i Sodoma, som brått vart øydelagd utan at nokon hadde rørt henne. Zajin ז

7Dei innvigde i folket mitt var reinare enn snø, meir skinande enn mjølk. Kroppen deira var raudare enn korallar, lemene var av safir. Het ח

8Dei har vorte svartare enn sot, ein kjenner dei ikkje att på gata. Huda strammar seg om knoklane, ho har vorte tørr som ved. Tet ט

9Betre var det å falla for sverd enn å falla for svolt, tærast bort og drepast av åkrar utan grøde. Jod י

10Kjærlege kvinner koker borna sine, dei har vorte maten deira. Folket, mi dotter, er knust. Kaf כ

11HERREN har aust av sin harme, tømt ut sin brennande vreide. Han har sett fyr på Sion, grunnvollane øydest i eld. Lamed ל

12Ingen konge på jorda, ingen i heile verda trudde at ein motstandar eller fiende kunne koma inn gjennom Jerusalems portar. Mem מ

13Det hende fordi profetane synda og prestane førte skuld over seg. Dei lét blodet av rettferdige renna i byen. Nun נ

14Blinde flakkar dei om i gatene, tilsølte med blod, ingen kan røra kleda deira. Samek ס

15«Av vegen! Urein!» ropar folk til dei. «Av vegen! Ikkje rør!» Dei rømmer og vildrar omkring. Alle folkeslag seier: «Dei får ikkje bu her.» Pe פ

16HERREN sjølv har spreidd dei, han vil ikkje sjå dei lenger. Dei vørde ikkje prestane og var ikkje nådige mot dei gamle. Ajin ע

17Vi held ut, auga blir såre, vi ser fåfengt etter hjelp. Vi har stått på vakt og speida etter eit folk som ikkje kunne hjelpa. Tsade צ

18Dei vakta kvart steg vi tok, vi kunne ikkje gå på gatene våre. Enden var nær, vår tid var ute, ja, enden var komen. Qof ק

19Dei som jaga oss, var snarare enn ørnane under himmelen. Over fjella forfølgde dei oss, i ørkenen låg dei og lurte på oss. Resj ר

20HERRENS salva, vår pust, vart fanga i gravene deira. Det var om han vi sa: «I hans skugge skal vi leva mellom folka.» Sjin ש

21Fryd og gled deg, dotter Edom, du som bur i landet Us. Men begeret kjem til deg òg, du skal bli full og kle deg naken. Taw ת

22Di skuld er betalt, dotter Sion, aldri meir vil han føra deg bort. Men di skuld, dotter Edom, straffar han deg for, dine synder viser han fram.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Lamentations 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.