Lamentations 5NO2011NN

1HERRE, tenk på det som har hendt oss, sjå hit, sjå kor dei spottar oss!

2Eigedomen vår har gått til framande, husa våre til utlendingar.

3Vi er farlause, mødrene våre har vorte enkjer.

4Vi må kjøpa vatnet vi drikk, veden må vi betala for.

5Vi har forfølgjarane på nakken, vi er trøytte og får ikkje kvila.

6Vi har rett ut handa til Egypt og til Assur for å få brød.

7Fedrane våre synda; dei er borte, vi har bore straffa.

8Slavar har vorte herrane våre, ingen riv oss ut av hendene deira.

9Vi hentar brød med fare for livet, i ørkenen trugar sverdet.

10Huda vår er heit som ein omn av svolten som brenn.

11Dei valdtek kvinnene i Sion og jomfruene i Judas byar.

12Dei hengjer stormenn, ærar ikkje dei eldste.

13Unge menn lyt slita med kverna, gutar sig under vedbøra.

14Dei gamle sit ikkje lenger i porten, dei unge har slutta å syngja.

15Vi har ikkje lenger glede i hjartet, dansen er omsnudd til sorg.

16Kransen har falle av hovudet. Ve oss, vi har synda!

17Hjartet har vorte sjukt, auga har vorte dimme.

18For Sion-fjellet ligg audt, revar streifar omkring der.

19Du, HERRE, tronar til evig tid, din kongsstol står frå slekt til slekt.

20Kvifor har du gløymt oss for alltid, gått frå oss for alle tider?

21HERRE, før oss tilbake til deg, så vi kan venda attende. Gjer dagane våre nye, slik dei var før!

22Men du har vraka oss, du er rasande.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Lamentations 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.