1Job tok til ords og sa:
2Eg veit godt korleis det er. Kan eit menneske ha rett mot Gud?
3Ville det føra sak mot han, så kunne det ikkje svara på eit einaste ord av tusen.
4Djup er hans visdom, og stor er hans kraft. Kven trassar han og slepp frå det?
5Han flytter fjell før dei veit av det, velter dei i sin vreide.
6Han rister jorda ut av lage, søylene hennar skjelv.
7Han byd sola at ho ikkje skal gå opp, og set segl for stjernene.
8Han åleine spente himmelen ut og gjekk på havsens bølgjer.
9Han skapte Bjørnen og Orion, Sjustjerna og stjernebileta på sørhimmelen.
10Han gjer storverk ingen kan granska, og under ingen kan telja.
11Han går forbi meg, eg ser det ikkje. Han fer framom, eg merkar han ikkje.
12Han riv bort, kven kan hindra han? Kven kan seia til han: «Kva er det du gjer?»
13Gud held ikkje att sin vreide, sjølv Rahabs hjelparar må bøya seg for han.
14Skulle vel eg kunna svara, velja mine ord mot han?
15Sjølv om eg hadde rett, kunne eg ikkje svara; eg måtte be dommaren min om nåde.
16Sjølv om eg utfordra og han måtte svara, trur eg ikkje han ville ha lytta til meg,
17han som knuser meg i stormen, gjev meg sår på sår utan grunn,
18nektar meg å dra pusten, fyller meg med bitter smerte.
19Gjeld det styrke, så har han den. Gjeld det rett, kan han seia: «Kven stemner meg?»
20Sjølv om eg har rett, erklærer min munn meg skuldig. Er eg uskuldig, dømmer han meg som falsk.
21Eg er uskuldig, men kjennest ikkje ved meg sjølv, eg foraktar mitt eige liv.
22Det går ut på eitt. Difor seier eg: Uskuldig eller skuldig — han utslettar begge.
23Han sender ein flaum av brå død, spottar når uskuldige fortvilar.
24Jorda er lagd i handa til den lovlause. Han dekkjer auga til dei som feller dommar. Om det ikkje er han, kven er det då?
25Dagane mine går fortare enn nokon kan springa. Dei flyg av stad utan glimt av glede.
26Dei fer i veg som sivbåtar, som ei ørn når ho stuper mot byttet.
27Eg seier til meg sjølv: «Gløym klaga, lyft hovudet og ver glad!»
28Likevel fryktar eg smertene, eg veit at du ikkje frikjenner meg.
29Eg blir jo dømd skuldig, kvifor då streva til inga nytte?
30Om eg vaska meg i snøvatn og reinsa hendene med lut,
31kastar du meg i gjørmegrava så kleda mine avskyr meg.
32Ja, han er ikkje eit menneske som eg, så eg kan gje han svar og vi kan møtast i retten.
33Det finst ingen dommar som kan leggja handa på oss begge.
34Heldt han kjeppen sin borte frå meg så redslene hans ikkje skremde meg,
35då kunne eg tala utan redsle. No kan eg ikkje det.