Job 10NO2011NN

1Eg avskyr mitt eige liv. No gjev eg mi klage fritt løp, vil tala med bittert sinn.

2Eg seier til Gud: Ikkje døm meg skuldig! Lat meg få vita kvifor du fører sak mot meg!

3Har du glede av å undertrykkja, av å vraka dine henders verk, medan du lèt sola gå opp over planane til urettferdige?

4Har du auge som eit menneske, ser du slik skapningar ser?

5Er dine dagar som menneskedagar og dine leveår som mannens år?

6For du spør etter mi skuld og leitar etter mi synd,

7endå du veit at eg ikkje er skuldig. Ingen kan bergast frå di hand.

8Di hand forma og laga meg, men no angrar du og utslettar meg!

9Hugs, du laga meg av leire, og no lét du meg venda attende til støv!

10Du helte meg opp som mjølk og lét meg storkna som ost.

11Du kledde meg med hud og kjøt, med knoklar og sener vov du meg.

12Du gav meg liv og alt som godt er, du verna og vakta mi livskraft.

13Men dette gøymde du i hjartet, dette veit eg du hadde i tankar:

14Om eg syndar, vaktar du på meg og vil ikkje frikjenna meg for skuld.

15Er eg skuldig, så ve meg! Og sjølv om eg har rett, kan eg ikkje lyfta hovudet; eg er mett av skam og har nok av naud.

16Står eg likevel oppreist, jagar du meg som ei løve, igjen og igjen gjer du underlege ting mot meg.

17Du finn nye vitne mot meg, viser meg aukande uvilje og sender hær etter hær mot meg.

18Kvifor hjelpte du meg ut or mors liv? Var eg berre død før noko auge fekk sjå meg!

19Då var eg som om eg aldri var til, boren frå mors liv til grava.

20Kor få mine levedagar er! Kan han ikkje la meg vera, så får eg litt glede

21før eg går bort til landet med mørker og dødsskugge og aldri vender attende,

22eit land så mørkt som svarte natta, der det rår dødsskugge, ikkje orden, der lyset er som mørkret.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Job 10.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.