1Då tok Sofar frå Naama til ords og sa:
2Må ikkje ein slik ordflaum få svar så ikkje pratmakeren får rett?
3Tomsnakket ditt får folk til å teia. Du spottar utan skam.
4Du seier: «Min lærdom er rett. Rein er eg i dine auge.»
5Berre Gud ville tala og opna leppene mot deg!
6Då ville han fortelja deg visdomens løyndomar og gje deg dobbel innsikt: Vit at Gud lèt di skuld bli gløymd.
7Kan vel du måla Gud, kan du kjenna Den veldiges grenser?
8Høgare enn himmelen — kva kan du gjera? Djupare enn dødsriket — kva veit vel du?
9Lengre enn jorda, breiare enn havet.
10Om han dreg fram, sperrar inne og kallar saman, kven kan hindra han?
11Han kjenner løgnarane. Kan han vel sjå urett utan å leggja merke til det?
12Kan ein tomskalle få forstand? Kan eit villesel fødast som menneske?
13Om ditt hjarte er fast, så brei hendene ut mot han.
14Om det er urett i di hand, så vis uretten bort; lat ikkje vondskap bu i dine telt.
15Då kan du skuldfri lyfta hovudet, heilstøypt og utan frykt.
16For du skal gløyma lidinga, minnast henne som vatn som rann forbi.
17Då står livet høgare enn middagssola. Mørkret blir som ein morgon.
18Du er tillitsfull, for det er håp. Du er verna og kan trygt leggja deg.
19Ingen skremmer deg når du går til ro. Mange vil søkja din gunst.
20Men auga til dei lovlause sloknar. Dei er ikkje i stand til å flykta, deira einaste håp er å få anda ut.