1Då tok Job til ords og sa:
2Ja, de snakkar som folk flest, med dykk døyr nok visdomen ut!
3Men eg òg har forstand, eg står ikkje tilbake for dykk. Kven kjenner ikkje til alt dette?
4Eg er til lått for venene mine, eg som ropa til Gud og fekk svar, til lått, eg som er rettferdig og from!
5«Gløym ulukka», tenkjer den sorglause, «ho rammar berre han som snublar.»
6Telta til valdsmenn får stå i fred; trygge er dei som utfordrar Gud og trur dei har han i si hole hand.
7Spør berre dyra, og dei skal læra deg, spør fuglane under himmelen, og dei skal opplysa deg.
8Snakk med jorda, og ho skal læra deg, fiskane i havet skal fortelja.
9Kven av desse har ikkje skjøna at HERRENS hand har laga dette?
10Han har kvar levande skapning i si hand, og ånda til kvart menneske.
11Prøver ikkje øyret det som blir sagt? Ganen smakar då på maten?
12Med alderdom kjem visdom, eit langt liv gjev innsikt.
13Hos Gud er visdom og styrke, råd og forstand.
14Når han riv ned, byggjer ingen opp; når han lèt att for ein mann, kan ingen opna.
15Når han stengjer for vatnet, blir det tørke, og når han opnar, blir jorda skyld bort.
16Hos han er styrke og innsikt. Den som fer vill og den som fører vill, tilhøyrer han.
17Han viser rådgjevarar berrføtte bort, og dommarar gjer han til dårar.
18Han løyser kongars lenkjer og bind beltet om dei.
19Han fører prestar berrføtte bort og feller dei sterke.
20Han lèt dei pålitelege mista munn og mæle, tek dømmekrafta frå dei eldste.
21Han auser skam over stormenn og tek våpenbeltet av dei sterke.
22Han avdekkjer det mørke djupet, dreg dødsskuggen fram i lyset.
23Han lèt folkeslag veksa, og han gjer ende på dei, han spreier folka, og han leier dei.
24Han tek vitet frå leiarane for folket i landet og fører dei vill i veglause audna.
25Dei famlar i mørker utan lys, han lèt dei gå seg bort som drukne menn.