Job 13NO2011NN

1Auga mine har sett alt, øyra har høyrt og forstått.

2Det de veit, veit eg òg, eg står ikkje tilbake for dykk.

3Likevel må eg tala til Den veldige, eg ønskjer å gå i rette med Gud!

4Men de smør løgna utover, kvakksalvarar er de alle saman.

5Om de berre ville teia! Då kunne de reknast for vise!

6Høyr på forklaringa mi, gjev akt på forsvaret mitt!

7Vil de vitna for Gud med urett, tala hans sak med svik?

8Er det Gud de tek parti for? Er det hans sak de fører?

9Går det då godt når han ransakar dykk? Kan de narra han slik de narrar menneske?

10Nei, han ville refsa dykk strengt om de tok parti i løynd.

11Skulle ikkje hans velde skremma dykk, hans skrekk falla over dykk?

12Visdomsorda dykkar er oske, og svara dykkar er av leire.

13Tei stilt og lat meg føra ordet, kva som enn skjer med meg!

14Eg tygg på mitt eige kjøt, eg går med livet i hendene.

15Han vil drepa meg, eg har ikkje noko håp, likevel vil eg forsvara mine vegar for hans andlet.

16Kanskje blir dette mi redning, for ingen ugudeleg kan koma fram for han.

17Lytt vel til talen min, lat forklaringa klinga i øyra!

18Sjå, eg legg fram mi sak, eg veit at eg har rett.

19Kan nokon vinna ei sak mot meg? Då vil eg teia og døy.

20Skån meg berre for to ting, så slepp eg å løyna meg for deg:

21Ta handa di bort frå meg, og lat ikkje redslene dine skremma meg!

22Rop, så skal eg svara, eller lat meg tala, så svarar du!

23Kvar er mi skuld og mine synder? Kunngjer mitt brot og mi synd!

24Kvifor løyner du andletet og reknar meg som din fiende?

25Vil du då skremma eit blad som blæs bort, forfølgja eit vise halmstrå?

26Ditt klageskrift mot meg er bittert, du lèt meg bøta for min ungdoms synder.

27Du set føtene mine i blokka. Du vaktar på alle mine stigar, merkjer av kvart fotspor.

28Mennesket er som ròte, det blir utslite som mølletne klede.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Job 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.