1Mennesket, fødd av ei kvinne, lever kort og er fylt av uro.
2Det spirer som blomen og visnar, flyktar som skuggen, står ikkje i ro.
3Likevel held du auge med det, du stemner meg for din domstol.
4Kan det koma ein rein av ein urein? Nei, ikkje ein einaste.
5Når dagane til mennesket er fastsette, når du har bestemt månadstalet for det, sett grensa det ikkje kan bryta,
6vend då blikket bort og lat det vera, så kan det gleda seg ved sine lånte dagar.
7For eit tre finst det håp: Blir det felt, veks det opp att, det skal ikkje mangla friske skot.
8Om røtene i jorda blir gamle og stubben morknar i støvet,
9så spirer det på nytt ved eimen av vatn, set skot som eit nyplanta tre.
10Men når mannen døyr, er det ute med han; når mennesket går bort, kvar er det då?
11Slik vatnet forsvinn frå sjøen, slik elva minkar og tørkar ut,
12slik ligg mannen og reiser seg ikkje. Han vaknar ikkje om så himmelen forgår, han står ikkje opp frå søvnen.
13Om du ville gøyma meg i dødsriket, løyna meg til vreiden din er over, setja ein frist og så igjen hugsa på meg!
14Kunne ein mann som døydde, få liv att, då skulle eg halda ut i striden heilt til det kom avløysing for meg.
15Då kunne du ropa, og eg ville svara, for du lengta etter dine henders verk.
16Då ville du telja stega mine utan å vakta på mi synd.
17Mine brot var bunta saman med segl, eit dekke drog du over mi skuld.
18Men nei: Som fjellet fell og forvitrar, slik berg vik frå sin plass,
19slik vatnet holar ut steinen og regnskurer skyl moldjorda bort, slik gjer du ende på håpet for mennesket.
20Du overmannar han for alltid, og han må gå bort. Du sender han vekk med fordreia andlet.
21Borna hans får ære, men han veit det ikkje, det går dei dårleg, men han anar det ikkje;
22så stor smerte har han i kroppen, så stor sorg har han i livet.