Job 15NO2011NN

1Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:

2Ville ein vis svara med luftige meiningar og fylla lungene med austavind,

3forsvara seg med gagnlaus tale, med ord som ikkje duger?

4Sjølv gudsfrykta bryt du ned, det blir mindre ettertanke for Guds andlet.

5Det er synda di som lærer opp munnen, du vel eit listig språk.

6Munnen dømmer deg skuldig, ikkje eg. Leppene vitnar mot deg.

7Vart du kanskje fødd som det første mennesket, vart du til før haugane var til?

8Lytta du då Gud heldt råd? Heldt du visdomen for deg sjølv?

9Veit du noko som ikkje vi veit? Forstår du noko som ikkje vi forstår?

10For også mellom oss finst gråhåra og gamle, rikare på dagar enn din eigen far.

11Er Guds trøyst og hans milde ord for lite for deg?

12Kvifor gjer hjartet deg uroleg? Kvifor himlar du med auga?

13Du vender di ånd mot Gud, tek sterke ord i din munn.

14Korleis kan eit menneske vera reint og ein som er fødd av ei kvinne, ha rett?

15Gud stolar ikkje eingong på sine heilage, sjølv himmelen er ikkje rein i hans auge,

16langt mindre eit avskyeleg og forderva menneske som drikk urett som om det var vatn.

17Eg vil seia deg noko, høyr på meg! Eg vil fortelja det eg har sett,

18det dei vise forkynte, det fedrane ikkje heldt tilbake.

19Berre til dei vart landet gjeve, der drog ingen framande gjennom.

20Den lovlause lever i uro alle sine dagar, valdsmannen lever ikkje mange år.

21Redslene syng i øyret hans, i fredstid kjem nokon for å herja.

22Han har ikkje håp om å sleppa unna mørkret, han er utpeika til å falla for sverd.

23Han streifar om etter brød — men kvar er det? Han veit at ein mørk dag står klar for han.

24Naud og trengsle skremmer han, som stridsklare kongar overmannar dei han.

25Han har lyft si hand mot Gud og strider mot Den veldige,

26stormar mot han med krum nakke bak eit tjukt og boge skjold.

27Andletet hans svulmar av feitt, han legg på seg rundt hoftene.

28Men han må slå seg ned i øydelagde byar og i hus der ingen kan bu, hus som er dømde til å leggjast i røys.

29Han blir ikkje rik, hans makt blir ikkje ståande; grøda bognar ikkje på jorda hans.

30Han slepp ikkje unna mørkret; heten svir av dei friske skota, og munnen sluttar å pusta.

31Ingen må stola på det som er tomt. Han blir ført vill, og tomt er det han får att.

32Før dagen er omme, døyr greinene.

33Han er lik ein vinstokk som mistar umogne druer, lik eit oliventre som kastar blomane.

34Forsamlinga av ugudelege gjev inga frukt, elden øyder telta til dei som lèt seg kjøpa.

35Dei unnfangar urett og føder vondskap, morslivet ber fram svik.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Job 15.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.