Job 8NO2011NN

1Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:

2Kor lenge vil du tala slik med ord som ein mektig vind?

3Trur du at Gud forvrengjer retten, at Den veldige fordreiar rettferda?

4Om borna dine syndar mot han, så gjev han dei over til synda.

5Men om du søkjer Gud og bed Den veldige om nåde,

6om du er rein og rettskaffen, så vil han vaka over deg og på nytt reisa din rettferds bustad.

7Du byrja smått, men slutten blir stor.

8Spør tidlegare slekter, hald fast på det fedrane fann.

9For vi er frå i går, vi veit ingen ting. Som ein skugge er dagane våre på jorda.

10Men fedrane vil læra deg og tala til deg, føra fram ord frå hjartet.

11Veks vel papyrus der det ikkje er myrlendt, blir sivet stort der det ikkje er vatn?

12Medan det står grønt og uskore, visnar det, før alt anna gras.

13Slik går det med alle som gløymer Gud. Håpet går under for den som er ugudeleg.

14Hans trygge ro heng i tynne trådar, han set si lit til spindelvev.

15Han støttar seg til eige hus, men det held ikkje; han klamrar seg til det, men det blir ikkje ståande.

16Frodig står han i sola, breier greinene ut over hagen sin.

17Men røtene hans slyngjer seg inn i ei steinrøys, dei kikkar fram mellom steinar.

18Blir han riven vekk frå staden sin, kjenner ikkje staden han: «Eg har aldri sett deg.»

19Slik er gleda på hans veg, før den neste gror opp av støvet.

20Sjå, Gud avviser ikkje den fromme og gjev ikkje styrke til ugjerningsmenn.

21Han vil på nytt fylla din munn med lått, leggja jubelrop på leppene.

22Dei som hatar deg, må kle seg i skam, telta til dei lovlause blir borte.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Job 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.