Job 7NO2011NN

1Har ikkje mennesket ein strid på jorda, eit liv som dagane til ein leigekar?

2Han liknar ein tenar som stønnar etter skugge, ein dagarbeidar som ventar på løn.

3Månader i det tomme vart min lott, netter med liding min lagnad.

4Så snart eg legg meg, spør eg: «Når kan eg stå opp?» Natta blir lang, til det lysnar, er eg full av uro.

5Kroppen er dekt med makk og sårskorper. Støvet gror fast i huda, og det verkjer.

6Dagane går fortare enn ein vevskyttel, dei går til ende utan håp.

7Hugs at livet mitt er ein pust! Aldri meir får eg sjå lukke.

8Auget som vaktar meg, ser meg ikkje lenger. Retter du auga mot meg, er eg der ikkje.

9Ei sky løyser seg opp og kverv, og den som fer ned til dødsriket, stig aldri opp.

10Han kjem aldri att til sitt hus, heimstaden kjenner han ikkje.

11Så legg eg heller ikkje band på min munn. Eg vil tala med angst i anden, klaga i bitter sjelekval.

12Er eg eit hav eller eit sjøuhyre sidan du set vakt over meg?

13Eg seier: «Leiet får vera mi trøyst, lat senga bera mi klage.»

14Då skremmer du meg med draumar, med syn gjer du meg redd.

15Aller helst vil eg kvelast. Heller døden enn denne kroppen!

16Eg vil ikkje, vil ikkje leva for alltid! Lat meg vera! Dagane mine er forgjengelege.

17Kva er eit menneske sidan du aktar det så høgt og bryr deg så mykje om det?

18Du granskar det kvar morgon, prøver det kvar stund.

19Kvifor vender du ikkje auga dine frå meg og gjev meg ro til å svelgja spyttet?

20Om eg syndar, kva gjer det deg, du som vaktar mennesket? Kvifor gjer du meg til skyteskive? Har eg vorte ei bør for deg?

21Kvifor tilgjev du ikkje mi synd og ber over med mi skuld? No må eg leggja meg i støvet; leitar du etter meg, er eg ikkje meir.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Job 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.