1Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:
2Om ein vil tala til deg, orkar du det? Men kven kan vel teia?
3Sjølv har du rettleidd mange og styrkt kraftlause hender.
4Dine ord reiste opp den som snubla. Du gav kraft til skjelvande kne.
5Men no, når det råkar deg, blir du motlaus. Det treffer deg, og du blir lamslegen.
6Stolar du ikkje på di gudsfrykt? Gjev ikkje den fromme livsvegen din håp?
7Tenk etter! Når gjekk vel ein skuldfri til grunne, kvar vart rettskafne utsletta?
8Eg ser at dei som pløyer vondskap og sår liding, haustar det same.
9Når Gud pustar, går dei til grunne. Når han fnyser, er dei borte.
10Brølet frå løva, skriket frå hannløva og tennene til ungløva er slegne ut.
11Rovdyret manglar bytte og døyr. Løveflokken blir spreidd.
12Eit ord kom smygande til meg. Eg høyrde det kviskra
13i opprivande, nattlege syn medan menneska sov djupt.
14Skrekken greip meg, og eg skalv. Redsla gjekk gjennom merg og bein.
15Ein pust strauk forbi andletet mitt, fekk håra på kroppen til å reisa seg.
16Han stod der, men eg kjende han ikkje, ein skapnad rett for auga mine. Eg høyrde ei kviskrande røyst:
17Kan vel eit menneske vera rettferdig for Gud? Kan ein mann vera rein for sin skapar?
18Gud stolar ikkje eingong på tenarane sine, han finn feil hos sendeboda,
19og endå meir hos dei som bur i leirhus og har jord til grunnvoll. Dei blir lettare knuste enn møll.
20Frå morgon til kveld blir dei trakka ned. Dei går til grunne for alltid utan at nokon bryr seg om det.
21Teltsnora blir rykt opp. Dei døyr, utan visdom.