1Rop berre! Er det nokon som svarar? Kven av dei heilage vender du deg til?
2Uro tek livet av den dumme, sinne drep den godtruande.
3Eg såg den dumme slå rot, men brått måtte eg forbanna bustaden hans.
4Borna hans var verjelause, knuste i porten, og ingen hjelpte dei.
5Dei svoltne åt opp avlinga hans, tok henne, endåtil mellom tornar; og dei tørste greip etter godset hans.
6For ulukke skyt ikkje opp av støvet, og liding gror ikkje opp av jorda.
7Men mennesket er fødd til liding, gneistar som flyg høgt i vêret.
8Sjølv ville eg heller ha vendt meg til Gud, ja, til han ville eg ha overgjeve mi sak,
9han som gjer storverk ingen kan granska, og under ingen kan telja.
10Han gjev regn over jorda, sender vatn ut over åker og eng.
11Han reiser dei nedbøygde opp, reddar og tryggjar dei sørgjande.
12Han knuser planane til dei listige, deira verk lukkast ikkje.
13Han fangar dei vise i deira list, snedige planar er forhasta.
14Om dagen møter dei mørker, ved middagstid famlar dei som om natta.
15Så reddar han den fattige frå dei mektiges sverd, munn og hender.
16Då blir det håp for den svake. Vondskapen lèt att sin munn.
17Sæl er den som Gud viser til rette. Du skal ikkje forakta formaning frå Den veldige!
18For han sårar, og han bind om såra. Han knuser, og hans hand lækjer.
19Gjennom seks trengsler bergar han deg, og i den sjuande skal ulukka ikkje nå deg.
20I uår friar han deg frå døden og i krig frå kvasse sverd.
21Du er trygg for stikkande tunge og fryktar ikkje komande ulukke.
22Du ler av ulukke og hungersnaud og fryktar ikkje dyra på jorda.
23For du har ei pakt med steinane på marka. Villdyra held fred med deg.
24Du får oppleva fred i telta dine, når du går over eigedomen, manglar du ingen ting.
25Du får oppleva at ætta veks, etterkomarane dine blir som gras på jorda.
26Du går i grav i mogen alder slik kornband blir samla i rett tid.
27Ja, dette har vi granska, og slik er det. Høyr det og ta det til deg!