Job 3NO2011NN

1Til sist opna Job munnen og forbanna den dagen han vart fødd.

2Job tok til ords og sa:

3Bort med den dagen eg vart fødd, den natta det vart sagt: «Ein gut er unnfanga.»

4Den dagen — lat han bli mørker, så Gud i det høge ikkje spør etter han og dagslys aldri fell på han!

5Lat mørker og dødsskugge få han, lat skyer kvila over han og formørking skremma han!

6Den natta — lat mørke skuggar ta henne så ho ikkje finst mellom dagane i året og ikkje kjem med når månader skal teljast.

7Ja, måtte den natta bli ufruktbar og glederop ikkje høyrast.

8Lat dei lysa forbanning over henne, dei som manar fram ulukkedagar, dei som kan vekkja Leviatan.

9Lat hennar morgonstjerner slokna, lat ho venta på lys som ikkje kjem, og aldri sjå morgonròden slå auga opp!

10For ho stengde ikkje morlivs dører for meg og løynde ikkje lidinga for auga mine.

11Kvifor døydde eg ikkje då eg vart fødd, anda ut då eg kom frå mors liv?

12Kvifor tok dei meg på fanget, la meg til brystet for å suga?

13No kunne eg ha lege i ro, sovna og så fått kvila

14med kongar og rådgjevarar på jorda, dei som bygde der det no er ruinar,

15eller med stormenn som hadde gull og fylte husa sine med sølv.

16Då hadde eg ikkje vore til, lik eit foster som døyr i løynd, lik eit spedbarn som aldri såg dagens lys.

17I grava har dei urettferdige rasa frå seg, der kviler dei som har tømt sine krefter.

18Fangar har fred, dei høyrer ikkje vaktarens rop.

19Der er både små og store, der er tenaren fri frå herren sin.

20Kvifor gjev dagen lys til den som lid, og liv til dei ulukkelege,

21til dei som ventar fåfengt på døden og søkjer døden meir enn løynde skattar,

22til dei som glade ville ha jubla og fryda seg om dei fann ei grav,

23til ein mann som ikkje finn veg fordi Gud stengjer for han?

24Mine sukk har vorte mitt brød, klageropa mine strøymer som vatn.

25Det eg fryktar mest, er over meg. Det eg gruar for, kjem no.

26Eg får ikkje fred, ikkje ro, ikkje kvile, så opprørt er eg.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Job 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.