1Så ein dag kom gudesønene og steig fram for HERREN. Blant dei kom også Klagaren.
2HERREN sa til han: «Kvar kjem du frå?» Klagaren svara: «Eg har streifa omkring på jorda.»
3HERREN sa: «Så la du vel merke til Job, tenaren min? På jorda finst ingen som han, ein from og rettskaffen mann som fryktar Gud og held seg borte frå alt vondt. Framleis står han fast i si gudsfrykt. Du har utfordra meg til å øydeleggja han utan grunn.»
4Men Klagaren svara: «Hud for hud! Ein mann gjev jo alt han eig, for livet sitt.
5Om du no retter ut handa og rører ved beina og kjøtet hans, så får vi sjå om han ikkje spottar deg rett opp i andletet.»
6Då sa HERREN til Klagaren: «Sjå, han er i di makt, men spar livet hans!»
7Så gjekk Klagaren bort frå HERREN og slo Job med vonde svullar frå hovud til hæl.
8Job tok eit potteskar og skrapa seg med det, der han sat i oska.
9Då sa kona hans til han: «Held du framleis fast på di gudsfrykt? Spott heller Gud og døy!»
10Men han svara: «Du talar som ei uvitug kvinne. Når vi tek imot det gode frå Gud, skulle vi då ikkje ta imot det vonde òg?» Gjennom alt dette kom ikkje ei synd over leppene til Job.
11Då dei tre venene til Job fekk høyra om alt det vonde som hadde kome over han, kom dei til han, kvar frå sin heimstad: Elifas frå Teman, Bildad frå Sjuah og Sofar frå Naama. Dei møttest for å sørgja med han og for å trøysta han.
12Medan dei enno var eit stykke borte, fekk dei auge på han; men dei kjende han ikkje att. Dei brast i gråt, reiv sund kappene sine og kasta støv over hovudet.
13Så sat dei hos han på jorda i sju dagar og sju netter. Ingen sa eit ord til han, for dei såg at hans smerte var stor.