1Elihu tok igjen til ords og sa:
2Tenkjer du at dette er rett, seier du at du er meir rettferdig enn Gud,
3sidan du spør: «Kva gagnar det meg, kva hjelper det at eg lèt vera å synda?»
4Eg skal svara deg og venene dine:
5Lyft blikket mot himmelen og sjå, legg merke til kor høgt skyene er over deg!
6Kva gjer det vel Gud om du syndar? Alle dine brot, kva har dei å seia for han?
7Og er du rettferdig, kva gjev du då han, kva kan han ta imot frå di hand?
8Uretten din rammar medmenneska dine, berre menneske har gagn av rettferda di.
9Folk skrik under tung undertrykking, ropar etter hjelp mot dei mektige.
10Dei spør ikkje: «Kvar er Gud, han som skapte meg, som lèt lovsong lyda om natta,
11som lærer oss meir enn dyra på jorda, gjer oss klokare enn fuglane under himmelen?»
12Dei ropar, men får ikkje svar når dei møter vondskap og overmot.
13Det er løgn at Gud ikkje høyrer, at Den veldige ikkje ser.
14Jamvel når du seier at du ikkje ser han, ser han di sak, og du må venta på han.
15Men om no Gud ikkje straffar i vreide og ikkje bryr seg om store ord,
16då fer Job med tomt snakk, skjønar lite, men pratar mykje.