1Elihu heldt fram og sa:
2Ha litt tolmod med meg, så skal eg læra deg noko; for eg har meir å seia om Gud.
3Mi innsikt hentar eg langt bortanfrå, eg viser at skaparen min har rett.
4Orda mine er ikkje løgn; du står framfor ein som veit alt.
5Sjå, Gud er mektig, men avviser ingen; mektig er hans styrke og innsikt.
6Han held ikkje liv i den urettferdige, men lèt hjelpelause få sin rett.
7Han tek ikkje auga frå dei rettferdige; med kongar kjem dei på trona, han lèt dei sitja for alltid og opphøgjer dei.
8Blir dei bundne med lenkjer, fanga i ulukke-snarer,
9så vil han seia dei kva dei har gjort, at dei synda då dei opphøgde seg.
10Han opnar øyra deira for å åtvara og byd dei å venda om frå urett.
11Om dei då lyder og tener han, vil dei leva godt alle sine dagar og enda sine år i lukke.
12Men om dei ikkje lyder, vil dei falla for sverd, omkoma i sin uforstand.
13Eit ugudeleg hjarte ber på harme. Dei ropar ikkje om hjelp når Gud har bunde dei.
14Dei døyr i sin ungdom, endar sitt liv blant tempelprostituerte menn.
15Gud bergar hjelpelause i deira naud, opnar øyra deira i trengslene.
16Så vil han òg føra deg ut or trengsles gap, til ope landskap utan farar der bordet ditt er fullt av feite retter.
17Du fullfører dommen over dei lovlause, lov og rett skal ramma dei.
18Pass på så ikkje nokon lokkar deg med overflod, lat ikkje løysepengar føra deg på avvegar!
19Kan skriket ditt fria deg frå trengsle om du så bruker all di kraft?
20Du skal ikkje lengta etter den natta då folkeslag blir rykte opp med rot.
21Akta deg, vend deg ikkje mot vondskap, for du vel heller vondskap enn liding.
22Sjå, Gud er opphøgd i sitt velde. Kven er ein lærar som han?
23Kven peikar ut den vegen han skal følgja? Kven kan seia at han gjer urett?
24Gløym ikkje å prisa hans verk, det alle menneske syng om.
25Alle menneske ser det, dei skimtar det langt borte.
26Sjå, Gud er opphøgd, men vi forstår ikkje, hans år kan vi ikkje telja.
27Han dreg vassdropar opp til seg. Dei blir til regn, til ei Guds kjelde
28som strøymer frå skyene og fell på mange menneske.
29Kan nokon forstå korleis skyene breier seg ut, korleis det tornar under hans bustad?
30Sjå, han breier lyn omkring seg og løyner havsens djup.
31Slik held han dom over folka, og slik gjev han mat i overflod.
32Han kler hendene sine i lyn og sender dei mot sitt mål.
33Torebrak melder at han kjem, sjølv buskapen varslar det når han dreg fram.