1Elihu tok igjen til ords og sa:
2Høyr mine ord, de vise! Lytt til meg, de som har kunnskap!
3Øyret prøver jo orda slik ganen smakar på maten.
4Så lat oss velja det som er rett, og saman finna ut kva som er godt.
5Job har sagt: «Eg er rettferdig, Gud har sett min rett til sides.
6Eg har rett, men blir halden for løgnar. Eg er utan synd, men ei drepande pil har såra meg.»
7Finst det ein mann som Job? Han fyller munnen med spott slik andre drikk vatn.
8Han reiser i følgje med dei som gjer vondt, og ferdast med dei urettferdige,
9for han har sagt: «Ein mann har ikkje nytte av å søkja gunst hos Gud.»
10Men de forstandige, høyr heller på meg: Det er langt frå Gud å vera urettferdig, og frå Den veldige å gjera vondt.
11Han gjev oss att for våre handlingar, gjev løn etter gjerning.
12Sann mine ord: Gud gjer ikkje urett, Den veldige fordreiar ikkje retten.
13Kven har gjeve han tilsyn med jorda, kven har overlate heile verda til han?
14Om han berre tenkte på seg sjølv og heldt anden, pusten sin, tilbake,
15då ville kvar levande skapning døy og mennesket venda attende til støv.
16Har du forstand, så høyr dette! Lytt til det eg seier!
17Kan ein som foraktar retten, dømma andre? Dømmer du den skuldig som er mektig og rettferdig?
18Vil nokon kalla kongen ein kjeltring, eller seia: «skuldig» til stormenn?
19Men Gud tek ikkje omsyn til hovdingar, vel ikkje rikfolk framfor fattige. Dei er alle verk av hans hand.
20Dei døyr i hast midt på natta, folk blir skaka opp og går til grunne. Sjølv mektige vik, men ikkje for menneskehand.
21Guds auge følgjer kvar manns vegar, kvart steg ser han.
22Ikkje noko mørker, ingen dødsskugge kan løyna dei som gjer urett.
23Han gjev ikkje lang frist før mennesket må møta i Guds rett.
24Han knuser mektige utan forhøyr, set andre i deira stad.
25Han legg merke til det dei gjer. Ei natt slår han dei over ende og knuser dei.
26Han straffar dei som lovlause ein stad der alle ser.
27For dei vende seg bort frå han og gav ikkje akt på hans vegar.
28Då nådde ropet frå dei fattige til han, han høyrde skriket frå dei hjelpelause.
29Om Gud teier, kven kan dømma han? Om han løyner andletet, kven kan sjå han? Han er over kvart folkeslag og kvart menneske,
30så ingen ugudeleg får vera konge og leggja snarer for folket.
31Har vel du sagt til Gud: «Eg har gjort ein eid og vil ikkje bruka vald.
32Og det eg sjølv ikkje ser, må du visa meg så eg ikkje held fram med å synda.»
33Skal Gud løna deg som du ønskjer når du avviser han? Det er du som må velja, ikkje eg. Sei det du veit!
34Kvar vis mann som høyrer på meg, ja, alle forstandige menneske, vil seia til meg:
35«Job talar utan kunnskap, orda hans manglar meining.
36Lat Job for alltid prøvast, han svarar som ein ugjerningsmann.
37Han legg brot til si synd og spottar midt iblant oss, bruker store ord mot Gud.»