1Men høyr på det eg seier, Job, lytt til orda mine.
2Sjå, eg opnar gapet, tunga talar i munnen.
3Eg talar av eit ærleg hjarte, leppene snakkar klårt om det eg veit.
4Ånda frå Gud har laga meg, pusten frå Den veldige gjev meg liv.
5Svar meg om du kan! Stå opp og legg fram di sak!
6Sjå, for Gud er vi like, også eg er forma av leire.
7Redsle for meg skal ikkje skremma deg, handa mi skal ikkje tyngja deg.
8Du sa så eg høyrde det — klåre stod orda for meg:
9«Eg er rein og utan synd, plettfri er eg, fri for skuld.
10Men Gud har klagemål mot meg og held meg for sin fiende.
11Han set føtene mine i blokka og vaktar på alle mine stigar.»
12Eg svarar: «Der har du ikkje rett! For Gud er større enn menneske.»
13Kvifor klagar du han for ikkje å svara på menneskeord?
14Gud talar éin gong, så éin gong til, men folk merkar det ikkje.
15I ein draum, eit syn om natta, når folk har falle i djup søvn eller slumrar i senga,
16opnar han øyra deira og forseglar dei med formaning,
17for at menneske skal halda opp med det dei gjer, og mannens hovmod bli borte.
18Gud vil redda han frå å gå i grav, berga livet hans frå sverdet.
19Mannen blir tukta med smerter på sitt leie, med ein stadig kamp i knoklane.
20Mat byd han imot, han orkar ikkje lekre retter.
21Kjøtet tærest bort så ein ikkje ser det. Knoklane, som ein før ikkje såg, ligg berre.
22Livet hans går mot grava, han nærmar seg dei som drep.
23Er det då ein engel hos han, ein talsmann mellom tusen, som kan seia mennesket kva som er rett,
24så er han nådig og seier: «Fri han frå å gå i grav! Eg har fått løysepengar.»
25Så blir kroppen sterkare enn då han var ung, han får ungdomens dagar tilbake.
26Han bed til Gud, som gleder seg over han, med fryd ser han Guds andlet, han som lèt mennesket få att si rettferd.
27Han ser på menneska og seier: «Eg synda, eg krenkte retten, men han gjengjelde det ikkje.
28Han fria meg frå å gå i grav. Eg lever og ser lyset.»
29Sjå, alt dette gjer Gud for mennesket, både to og tre gonger.
30Han fører det opp or grava til strålande lys hos dei levande.
31Høyr etter, Job, og lytt til meg! Ver stille, så eg kan få tala!
32Har du noko å seia, så svar meg! Tal, eg gjev deg gjerne rett.
33Men har du ikkje svar, så lytt! Ver stille, så skal eg læra deg visdom.