1Men no ler dei av meg, dei som er yngre av år, med fedrar som eg nekta plass blant gjetarhundane mine:
2«Kva nytte har eg av hendene deira? Dei har mista si manndomskraft.
3Naud og svolt har gjort dei ufruktbare. Dei går og gneg på tørre moar som alt i går var aude og snaue.
4Dei plukkar melde i krattet og et røter av gyvelbusken.
5Dei blir drivne ut av leiren, folk ropar etter dei som etter ein tjuv.
6I ville kløfter held dei til, i jordhòler og grotter.
7Dei skrik som esel i krattet og klyngjer seg saman mellom tistlar,
8born av dårar, av folk utan namn, kjeppjaga ut av landet.»
9Men no er eg spottevisa deira, det er meg dei sladrar om.
10Dei avskyr meg og vik unna meg, openlyst spyttar dei på meg.
11Gud løyste bogestrengen min og knekte meg. Difor er dei utan hemningar når dei møter meg.
12Avkomet deira reiser seg på høgre sida, dei spenner føtene under meg og banar veg for ulukka.
13Dei bryt opp stigen min, dei skor seg på mi ulukke, dei som sjølve ingen hjelpar har.
14Dei kjem som gjennom ei vid rivne, mellom ruinar velter dei fram.
15Redsler kastar seg over meg, dei jagar mi ære som vinden, redninga blæs bort som ei sky.
16For no er mi livskraft tømd ut, lidings dagar har gripe meg.
17Natta går gjennom merg og bein, verken gneg utan stans.
18Med stor kraft gjennomsøkjer han kleda mine, hendene hans snører kjortelen om meg.
19Så kastar han meg i søla, eg er som støv og oske.
20Eg ropar til deg om hjelp, men du svarar ikkje. Eg står der, og du berre ser på meg.
21Du har snudd om og vorte vond mot meg, Med di veldige hand går du til åtak.
22Du set meg til å ri på stormen, braket gjer meg skjelven.
23Eg veit du fører meg i døden, til huset som samlar alt levande.
24Retter ikkje folk ut handa når alt sig i røys? Ropar dei ikkje om hjelp når dei går under?
25Gret ikkje eg over dei som hadde tunge dagar? Sørgde eg ikkje over dei fattige?
26Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.
27Det koker i meg, ustanseleg. Eg har møtt trengsles dagar.
28Eg går omkring i sorg, utan ein gløtt av sol. Eg står fram i forsamlinga og ropar om hjelp.
29Eg har vorte ein bror av sjakalar, held lag med strutsar.
30Huda er svart over heile meg, og knoklane brenn av hete.
31Mi lyre er stemd for sørgjesong, og fløyta gjev lyd til gråt.