Job 31NO2011NN

1Eg gjorde ein avtale med auga mine at eg ikkje skulle sjå på noka jente.

2Kva del fekk eg elles av Gud i himmelen, kva arv frå Den veldige i det høge?

3Kjem ikkje uhell til den som gjer urett, rammar ikkje ulukke den som gjer vondt?

4Ser ikkje han min veg, tel han ikkje kvart steg?

5Har eg ferdast i løgn? Har føtene hasta til svik?

6Lat Gud vega meg på rettferds vekt, så vil han forstå at eg er uskuldig.

7Om stega mine bøygde av frå vegen, om hjartet følgde der auga flyg, om hendene vart ureine,

8så lat andre få eta det eg har sådd, lat spirene mine bli rykte opp med rota.

9Om hjartet lét seg lokka av noka kvinne og eg låg på lur ved døra til min neste,

10så kan kona mi mala korn for ein annan og andre få bøya seg ned over henne!

11For det ville vera vondskap, ein urett som fortener straff,

12ein eld som et seg ned til avgrunnen, utryddar alt som veks etter meg.

13Krenkte eg retten når eg hadde sak med slaven eller slavekvinna mi,

14kva skulle eg då gjera når Gud reiste seg? Når han forhøyrde meg, kva skulle eg svara?

15Han som laga meg i mors liv, har òg laga den andre. Den same danna oss i morslivet.

16Har eg nekta fattige det dei ønskte, sløkt gløden i auga til enkjer?

17Åt eg alt brødet sjølv så ikkje farlause fekk mat?

18Nei, frå eg var ung, har eg vore som ein far for dei, frå første stund tok eg meg av enkjer.

19Kunne eg sjå folk bukka under fordi dei ikkje hadde klede, at den fattige mangla noko å kle seg med?

20Velsigna han meg ikkje for varm ull frå lamma mine?

21Har eg lyft handa mot ein farlaus når eg såg at eg fekk medhald i retten?

22Då vil skuldra losna frå nakken og armen gå ut or ledd.

23For Guds ulukker skremmer meg, eg kan ikkje stå meg imot hans velde.

24Har eg sett mi lit til gull, sagt til det edle metallet: «Eg stolar på deg»?

25Har eg gledd meg fordi rikdomen auka, fordi eg fekk hand om så mykje?

26Har eg, når sola stråla fram og månen steig i sin glans,

27late meg hemmeleg lokka til å helsa dei med handkyss?

28Nei, det er ein urett som fortener straff; då ville eg ha fornekta Gud i det høge.

29Har eg gledd meg over fiendens undergang, fryda meg når ulukka ramma han?

30Eg lét ikkje munnen synda slik at eg forbanna nokon og ønskte han død.

31Dei som budde i mine telt, sa då: «Alle blir metta av kjøtet på hans bord.»

32Ein innflyttar overnatta aldri ute; døra mi var alltid open.

33Har eg løynt mi synd, slik folk gjer, gøymt mi ugjerning ved barmen

34fordi eg frykta mengda, var knust av forakt frå slektningar så eg tagde og ikkje gjekk ut?

35Om berre nokon ville høyra på meg! Sjå, her er mi underskrift, lat no Den veldige svara meg! Om berre motparten min sette opp eit skriv!

36Då ville eg bera det på skuldrene mine, binda det som ein krans om hovudet!

37Eg vil gjera rekneskap for alle mine steg, tre fram for han som ein fyrste.

38Om åkeren min skrik mot meg og alle plogfòrene græt,

39har eg ete åkerens kraft utan vederlag og blåse ut livet for jordeigaren,

40så lat det koma opp tornar i staden for kveite og ugras i staden for bygg! Jobs tale er fullført.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Job 31.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.