Job 28NO2011NN

1Sølvet har sine gruver, gullet sin stad der det blir vaska ut.

2Jern blir henta ut or jorda, og kopar blir smelta ut av stein.

3Dei gjer ende på mørkret, i fjerne krokar finn dei stein løynd i svarte mørkret.

4Dei bryt sjakter langt frå der menneske bur. På gløymde stader, der ingen fot trødde, heng dei og dinglar, langt frå folk.

5Jorda ber fram føde, men i djupet blir ho elta rundt med eld.

6I steinane der nede er safir, der finst det gullstøv òg.

7Ingen rovfugl kjenner stigen dit, den har ikkje noko falkeauge sett.

8Der trør ikkje stolte rovdyr, inga løve går på stigen.

9Mennesket legg hand på harde steinen og endevender fjell frå grunnen.

10Dei sprengjer seg gangar i berget, og auga får sjå alle slag kostbare ting.

11Dei stoppar til vassårer og dreg det løynde fram i lyset.

12Men visdomen, kvar finst han? Kvar har forstanden sin bustad?

13Mennesket veit ikkje kva forstanden er verd. Han finst ikkje i landet til dei levande.

14Djupet seier: «I meg er han ikkje», og havet seier: «Han er ikkje hos meg.»

15Han kan ikkje kjøpast for det finaste gull, prisen kan ikkje vegast i sølv;

16han kan ikkje betalast i Ofir-gull, i kostbar onyks eller safir.

17Han kan ikkje målast i gull eller glas, ingen kan byta han til seg for skåler av finaste gull.

18Korall og bergkrystall kan ikkje eingong nemnast; å eiga visdom er betre enn perler.

19Han kan ikkje målast i topas frå Kusj, ikkje betalast med det reinaste gull.

20Kvar kjem då visdomen frå? Kvar har forstanden sin bustad?

21Visdomen er løynd for kvart levande auge, gøymd for fuglane under himmelen.

22Avgrunnen og døden seier: «Vi har berre høyrt om han.»

23Gud kjenner vegen til visdomen. Han veit kvar han har sin bustad.

24Han skodar til heimsens endar, alt under himmelen kan han sjå.

25Då han gav vinden vekt og lét vatnet få rette mål,

26då han sette ei grense for regnet og fastla vegar for lyn og tore,

27då såg han visdomen og målte han, stilte han opp og granska han.

28Så sa han til mennesket: Å frykta Herren, det er visdom, å venda seg bort frå det vonde, det er forstand.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Job 28.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.