1Job heldt fram med visdomstalen sin og sa:
2Så sant Gud lever, han som nektar meg retten, Den veldige, han som gjer meg bitter:
3Så lenge det er livsande i meg, pust frå Gud i nasen min,
4skal leppene mine ikkje tala urett og tunga ikkje bera fram svik.
5Fri meg frå å gje dykk rett! Eg er uskuldig, det står eg ved til eg døyr.
6Eg held på mi rettferd og slepper ikkje, hjartet fordømmer ingen av dagane mine.
7Lat fienden min stå som skuldig, motstandaren som urettferdig!
8Kva håp har den ugudelege av det han har vunne, når Gud gjer ende på livet hans?
9Høyrer Gud klageropa hans når trengsler kjem over han?
10Har han si glede i Den veldige? Ropar han seint og tidleg på Gud?
11Eg vil læra dykk om Guds hand og ikkje skjula kva Den veldige har tenkt.
12De har då sett det, alle saman, så kvifor dette tomme snakket?
13Slik er den delen ein lovlaus får av Gud, den arven valdsmannen får frå Den veldige:
14Har han mange born, fell dei for sverd, etterkomarane får ikkje metta seg med brød.
15Dei som overlever, går i død og grav, og inga enkje held sørgjehøgtid.
16Han haugar opp sølv som støv og samlar seg klede som leire;
17han samlar, men rettferdige kler seg, uskuldige deler sølvet.
18Det huset han byggjer, er som ein møll, som lauvhytta vaktmannen lagar.
19Han legg seg rik, men det varer ikkje: Han slår auga opp, og alt er borte.
20Redsler når han att som ein vassflaum, om natta fører stormen han vekk.
21Austavinden lyfter han og fører han bort, sopar han av stad,
22kastar seg over han utan skånsel og er så sterk at han må rømma.
23Vinden slår hendene saman og plystrar han hånleg bort frå hans stad.