1Då tok Job til ords og sa:
2Ja, du er god hjelp for ein maktlaus mann, ein reddande arm for den kraftlause!
3Kor du gjev råd til den som manglar visdom, for ei innsikt du gjev han!
4Kven lærte deg å tala? Kven kjem han frå, den pusten som går ut frå deg?
5Daudingane skjelv, vatnet der nede og dei som bur der.
6Nake ligg dødsriket for Gud, avgrunnen er utan dekke.
7Han har breidd nordhimmelen ut over aude rommet, hengt jorda opp over ingenting.
8Han bind vatnet i skyene, men skylaget rivnar ikkje.
9Han løyner trona si, breier skyer rundt henne.
10Rundt havet dreg han ei grense; himmelranda skil lys frå mørker.
11Himmelsøylene vaklar, skremde av hans trugsmål.
12Med si kraft har han rørt havet opp, med sin klokskap knust Rahab.
13Vinden hans blæs himmelen klår. Handa hans sårar den flyktande slangen.
14Sjå, alt dette er berre randa av hans veg; det er som å høyra ei kviskring. Men når hans makt tornar, kven kan forstå det?