1Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:
2Kan vel ein mann hjelpa Gud? Nei, den kloke hjelper berre seg sjølv.
3Har Den veldige glede av di rettferd? Tener han på at du er heil i di ferd?
4Er det for gudsfrykta di han klagar deg og stemner deg for retten?
5Er ikkje vondskapen din stor og skulda utan ende?
6Du tok pant frå brørne dine utan grunn, drog av dei siste plagga deira.
7Den utmatta nekta du vatn, du heldt brød tilbake frå den svoltne.
8Den sterke eigde landet, den fornemme fekk bu der.
9Enkjer sende du tomhendte bort, du knuste styrken til dei farlause.
10Difor er snarer sette omkring deg, brå redsle grip deg.
11Eller ser du ikkje mørkret, vassflaumen som kjem over deg?
12Er ikkje Gud høgt i himmelen? Sjå dei øvste stjernene, kor langt oppe dei er!
13Du seier: «Kva veit vel Gud? Kan han dømma gjennom tett skodde?
14Skyer dekkjer så han ikkje ser der han vandrar over himmelbogen.»
15Vil du følgja den gamle stigen som ugjerningsmenn gjekk,
16dei som vart rivne for tidleg bort då flaumen skylde vekk grunnvollen deira?
17Dei hadde sagt til Gud: «Gå frå oss! Kva gjer vel Den veldige for oss?»
18Men han hadde fylt husa deira med alt godt. Lat planane til urettferdige vera langt frå meg!
19Dei rettferdige såg det og jubla, dei uskuldige spotta:
20«Der forsvinn motstandarane våre, og elden fortærer restane.»
21Forlik deg med han og slutt fred, så får du alt godt tilbake.
22Ta imot rettleiing frå hans munn, legg deg talen hans på hjartet.
23Vend attende til Den veldige, så får du oppreising. Hald urett borte frå teltet ditt!
24Kast gullet ditt i støvet, Ofir-gullet mellom steinar i bekken,
25så skal Den veldige vera gull for deg, ja, det finaste sølv.
26Du har di glede i Den veldige. Du lyfter andletet mot Gud.
27Du bed til han, og han høyrer deg. Du innfrir det du har lova.
28Det du set deg føre, skal lukkast. Lys skal stråla over vegane dine.
29Når det går nedover, skal du seia: «Opp!» Han frelser dei som slår auga ned.
30Han bergar jamvel den som ikkje er uskuldig; ved dine reine hender blir han berga.