Job 21NO2011NN

1Då tok Job til ords og sa:

2Høyr etter det eg seier, lat det vera trøysta de gjev.

3Ber over med meg medan eg talar; når eg har tala, kan de spotta.

4Klagar eg over mennesket? Har eg ikkje då grunn til å vera utolmodig?

5Sjå på meg! Bli forskrekka! Hald dykk for munnen!

6Når eg tenkjer tilbake, blir eg skremd og skjelv over heile kroppen.

7Kvifor får dei urettferdige leva, bli gamle og rike?

8Borna er trygge hos dei, dei ser etterkomarar veksa opp.

9Huset har fred frå redsler. Gud bruker ikkje stokken på dei.

10Oksen si paring slår ikkje feil, og kua kalvar i rett tid.

11Dei slepper gutungar ut som sauer, borna dansar i glede.

12Dei syng til tromme og lyre og jublar til fløytetonar.

13Dei nyt sine dagar i lukke og går til dødsriket utan smerte.

14Men til Gud seier dei: «Gå frå oss! Vi har ikkje lyst til å kjenna din veg.

15Kven er Den veldige, kvifor skal vi tena han? Kva får vi att for å kalla på han?»

16Ingen har lukka i si eiga hand. Lat råd frå urettferdige vera langt frå meg!

17Kor ofte sloknar lampa til dei urettferdige? Kjem vel ulukke over dei, smerta han deler ut i sin vreide?

18Blir dei som strå i vinden, som agner stormen sopar bort?

19Sparer Gud straffa til borna? Han gjev att så det kjennest,

20lèt den skuldige sjå undergangen sin med eigne auge og drikka Den veldiges vreide.

21For kva bryr vel han seg om etterslekta når hans tid er ute?

22Men kven kan læra Gud, han som dømmer dei høgste?

23Den eine døyr i si velmakt, heilt igjennom sorglaus og roleg,

24med bytter fulle av mjølk, knoklar med saftig merg.

25Den andre døyr med bittert sinn og har aldri smaka det gode.

26Begge må liggja i støvet, dekte av makk.

27Eg kjenner tankane dykkar, planane de pønskar ut mot meg.

28For de spør: «Kvar er stormannens hus? Kvar er vel teltet der dei lovlause budde?»

29Har de ikkje spurt dei vegfarande? Har de ikkje forstått det dei varslar?

30For på ulukkedagen blir den vonde spart, på vreidedagen blir han berga.

31Kven stiller han til ansvar for hans livsferd, kven krev han for det han har gjort?

32Nei, han blir boren til grava, og ved gravkammeret held dei vakt.

33Han kviler mjukt i molda i dalen. Alle vil følgja etter, og ei tallaus mengd har gått føre.

34Korleis kan de trøysta meg med tom trøyst og svara meg med svik?

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Job 21.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.