1Då tok Sofar frå Naama til ords og sa:
2Igjen og igjen får eg opprivande tankar, dei gjer meg uroleg.
3Vel må eg lytta til refs og hån, men krafta frå min forstand gjev meg svar.
4Du veit at slik har det alltid vore, heilt sidan mennesket vart sett på jorda;
5dei urettferdige jublar ei kort tid, den ugudelege gleder seg ein augneblink.
6Om hans hovmod lyfter seg himmelhøgt og hovudet når til skyene,
7går han likevel til grunne som skit. Dei som såg han, spør: «Kvar er han?»
8Som ein draum flyg han bort, dei finn han ikkje. Han svinn som eit syn om natta.
9Auget som såg, ser han ikkje lenger, han er ikkje på heimstaden sin.
10Borna hans må søkja godvilje hos fattige; med eigne hender må han gje rikdomen tilbake.
11Ungdomskrafta som fylte beina, kviler no med han i støvet.
12Det vonde er søtt i hans munn, han gøymer det under tunga.
13Han smattar på det utan å svelgja, trykkjer det mot ganen.
14Men maten blir omskapt i magen, blir ormegift i hans indre.
15Rikdomen han slukte, kastar han opp, Gud driv det ut or magen.
16Han syg ormeeiter, hoggormtunga drep han.
17Aldri får han sjå bekker eller elvar som fløymer med honning og rømme.
18Maten han har streva for, vil ut, han får han ikkje ned. Han har inga glede av rikdomen han vann.
19For han knuste fattige og lét dei liggja, han røva til seg hus han ikkje hadde bygd.
20Han finn inga ro i sitt indre; han kan ikkje berga det han har så kjært.
21Ingen ting slepp unna fråtsinga, difor varer ikkje velstanden for han.
22I hans store overflod blir det trongt, ulukka rammar, med full kraft.
23For retteleg å fylla magen hans sender Gud sin brennande vreide og lèt det regna over han med kjøt.
24Han rømmer frå våpen av jern, men blir såra av ein bronseboge.
25Han dreg pila ut av ryggen, dreg den blanke spissen ut av galleblæra. Redsle kjem over han.
26Stummande mørker løyner han. Ein eld som ingen pustar til, fortærer han. Ulukka rammar dei som er att i teltet hans.
27Himmelen avdekkjer hans skuld, jorda reiser seg mot han.
28Avlinga han fekk i hus, blir ført bort, skyld vekk på Guds vreidedag.
29Slik er lagnaden eit urettferdig menneske får av Gud, arven som Gud har bestemt.