1Då tok Job til ords og sa:
2Framleis er klaga mi trassig, endå eg dempar mine stønn med hard hand.
3Om eg berre kunne finna han, stiga inn i hans tronsal,
4då ville eg leggja fram mi sak for han, fylla munnen med motbevis.
5Då kunne eg få vita kva han ville svara, og forstå kva han vil seia meg.
6Ville han bruka si store makt i saka mot meg? Å nei, han ville nok høyra på meg.
7Så drøfte eg saka ærleg med han, og dommaren sette meg fri for alltid.
8Går eg mot aust, er han ikkje der, går eg mot vest, merkar eg han ikkje.
9Arbeider han i nord, veit eg det ikkje. Og snur han mot sør, ser eg det ikkje.
10Men han kjenner den vegen eg følgde. Prøver han meg, kjem eg ut som gull.
11Føtene mine gjekk i hans spor, eg følgde hans veg og veik ikkje av.
12Eg braut ikkje boda frå leppene hans, orda frå hans munn gøymde eg i mitt indre.
13Han er den einaste; kven kan hindra han? Det han har lyst til, det gjer han.
14Han fullfører det han har fastsett for meg, og meir av same slag har han i tankar.
15Difor er eg redd for å møta han. Eg tenkjer etter og blir slegen av skrekk.
16Gud gjer meg motlaus, Den veldige skremmer meg.
17Men eg teier ikkje i møte med mørkret, når bekmørkret dekkjer meg.