1Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:
2Kor lenge? Når vil de gjera slutt på pratinga? Tenk dykk om, og så kan vi snakka saman!
3Kvifor skulle vi bli rekna som fe? Er vi så dumme i dykkar auge?
4Raseriet ditt riv deg sund. Skulle jorda bli lagd aud for di skuld, og berget flytta seg?
5Lyset til den urettferdige brenn ut, logen frå elden lyser ikkje meir.
6Lyset i teltet hans går ut, og lampa sloknar for han.
7Hans sterke steg blir hindra, hans eigen plan feller han.
8Føtene hans går i garnet, han blir fanga i nettet.
9Ei snare sit rundt hælen, ei lykkje held han fast.
10Eit reip ligg gøymt på jorda, ei felle på hans stig.
11Redslene omringar han, dei jagar i hælane på han.
12Ulukke hungrar etter han. Undergang ventar på hans fall.
13Sjukdom fortærer huda hans. Dødens førstefødde et han opp.
14Han blir riven bort frå sitt trygge telt og ført til redslekongen.
15Redsla slår seg ned i teltet han forlét. Svovel regnar over buplassen hans.
16Nede tørkar røtene hans, oppe visnar greinene.
17Minnet om han blir borte frå landet, han har ikkje meir eit namn der ute.
18Han blir driven frå lyset til mørkret, blir jaga frå verda.
19Born har han ikkje, ingen etterkomar i folket, ingen overlevande der han budde.
20På hans dag grøssar dei i vest, i aust blir dei gripne av redsle.
21Sanneleg, slik går det med bustaden til vonde menneske, med staden til den som ikkje kjenner Gud.