Job 17NO2011NN

1Livskrafta mi er broten, dagane mine tek ende, berre grava står att.

2Spottarar omgjev meg, auget må dvela ved deira motstand.

3Ta vare på mitt pant hos deg! Kven elles skulle gje meg handslag?

4Du har stengt hjartet deira for innsikt og lèt dei oppnå lite ære.

5Ein mann fortel vener om delinga av arven medan auga til borna sloknar.

6Han har gjort meg til eit ordtak for folk, til ein som dei spyttar i andletet.

7Auga mine er sløva av sorg, og lemene er som ein skugge.

8Dei rettskafne grøssar av slikt, den skuldfrie er opprørt over den ugudelege.

9Den rettferdige held fast på sin veg, for reine hender gjev større styrke.

10Men kom berre hit, alle saman! Eg finn ingen som er vis mellom dykk.

11Dagane mine tek slutt, planane mine ligg knuste, ja, mine inste lengsler.

12Dei gjer natta til dag, seier lyset er nær sjølv om det er mørkt.

13Kva har eg å vona på? Dødsriket er min bustad, i mørkret reier eg mi seng.

14Eg ropar til grava: «Du er min far!» og til makken i jorda: «Mi mor og syster!»

15Kvar er mitt håp? Kven kan vel få auge på det?

16Går også håpet til dødsriket? Stig vi saman ned i støvet?

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Job 17.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.