Jeremiah 48NO2011NN

1Om Moab. Så seier HERREN over hærskarane, Israels Gud: Ve Nebo! Byen er øydelagd. Kirjatajim har vorte til skamme, innteken, borga har vorte til skamme, slegen av redsle.

2Ingen skryter av Moab lenger. I Hesjbon la dei vonde planar mot dei: «Kom, lat oss rydda dei ut som folk!» Også du, Madmen, skal tagna, sverdet skal forfølgja deg.

3Høyr klageropet frå Horonajim, der er øydelegging, eit stort samanbrot.

4Moab har brote saman, frå borna høyrest klagerop.

5Gråtande går dei opp bakkane til Luhit. På vegen ned til Horonajim høyrest rop i naud over samanbrotet:

6«Flykt, berg livet!» Men de blir som ein busk i ørkenen.

7Fordi du leit på det du hadde laga, og på skattane dine, skal du òg bli teken. Kemosj må gå i eksil og prestane og stormennene med han.

8Han som herjar, kjem til kvar ein by, ikkje ein by slepp unna. Dalen skal gå til grunne og sletta leggjast i øyde, slik som HERREN har sagt.

9Gjev Moab ein blom, for det skal leggjast i ruinar. Byane skal bli aude, ingen skal bu i dei.

10Forbanna er den som forsømer å gjera HERRENS verk! Forbanna er den som held sverdet borte frå blod!

11Moab var trygg frå ungdomen av, låg roleg som vin over berme, vart ikkje helt frå fat til fat, måtte ikkje gå i eksil. Difor har smaken halde seg, og angen er den same som før.

12Difor, sjå, dagar skal koma, seier HERREN, då eg sender vintapparar til han. Dei skal tappa han om og tømma fata og slå krukkene sund.

13Då skal Moab skamma seg over Kemosj slik Israel måtte skamma seg over Betel, som dei sette si lit til.

14Korleis kan de seia: «Vi er krigarar og djerve stridsmenn»?

15Moab skal herjast. Dei dreg mot byane der, og den beste ungdomen dreg ut for å bli slakta, seier kongen, HERREN over hærskarane er hans namn.

16Moabs ulukke er nær, brått kjem det vonde over han.

17Sørg over han, alle de grannar og alle de som kjenner hans namn. Sei: «Broten er den sterke staven, det herlege septeret!»

18Stig ned frå æresplassen, set deg i det tørste landet, du som bur hos dotter Dibon. For han som skal herja Moab, dreg mot deg og øydelegg festningane dine.

19Still deg attmed vegen og hald vakt, du som bur i Aroer! Spør han som flyktar og henne som kom seg unna: «Kva er det som har hendt?»

20Moab har vorte til skamme, slegen av redsle. Hyl og skrik! Fortel ved Arnon at Moab er øydelagd.

21Dommen er komen for slettelandet, for Holon, Jahsa og Mofaat,

22Dibon, Nebo og Bet-Diblatajim,

23Kirjatajim, Bet-Gamul og Bet-Meon,

24Kerijot og Bosra, for alle byane i Moab, både fjern og nær.

25Moabs horn er hogge av, armen hans er broten, seier HERREN.

26Skjenk han full, for han har briska seg mot HERREN. Så kan Moab liggja der i spy og bli til latter, han òg.

27Gjorde ikkje du Israel til latter? Vart han kanskje teken mellom tjuvar, sidan du rister på hovudet kvar gong du snakkar om han?

28Far bort frå byane og slå dykk ned i fjellet, de som bur i Moab! Gjer som dua, ho byggjer seg reir i sidene av det gapande gjelet.

29Vi har høyrt kor umåteleg stolt Moab er, kor høg han er, kor hovmodig og stolt, kor overmodig han er.

30Eg veit, seier HERREN, kor frekk han er, og kor tomt han skryter. Tomt er det dei gjer.

31Difor sørgjer eg over Moab, skrik for heile Moabs skuld. Ein sukkar over mennene frå Kir-Heres.

32Eg græt meir over deg enn over Jaser, du vinstokk i Sibma. Rankene dine spreidde seg mot sjøen, dei nådde til sjøen ved Jaser. Over din frukthaust og vinhaust kjem han som herjar.

33Glede og jubel er borte frå hagane, frå Moabs land. Eg gjer ende på vinen frå vinpressene. Ingen trakkar vindruer til glade rop, ingen ropar dei ropa.

34Skriket frå Hesjbon når til Elale, heilt til Jahas lyder ropet, frå Soar til Horonajim og til Eglat-Sjelisjia. For jamvel Nimrim-vatnet blir til ørkenland.

35I Moab, seier HERREN, gjer eg ende på dei som går opp på haugane og tenner offereld for guden sin.

36Difor klagar mitt hjarte som ei fløyte over Moab, mitt hjarte klagar som ei fløyte over mennene frå Kir-Heres. For tapt er alt det dei hadde att.

37Kvart hovud er snauklipt, alt skjegg er raka av. Alle har rispa opp hendene og har sekkestrie om hoftene.

38På alle tak og torg i Moab lyder klage. For eg har slege Moab sund lik eit kar som ingen bryr seg om, seier HERREN.

39Knust er ho. Skrik! Moab har snudd ryggen til i skam. No blir Moab til latter og til redsle for alle grannane sine.

40For så seier HERREN: Sjå, han stuper som ei ørn og breier vengene ut over Moab.

41Byane blir inntekne, festningane tekne. Den dagen skal hjartet i Moabs krigarar vera som hjartet til ei kvinne i barnsnaud.

42Moab blir utsletta som folk fordi dei har vist hovmod mot HERREN.

43Det blir gru og grav og garn for deg som bur i Moab! seier HERREN.

44Den som flyktar frå gru, skal falla i grav, kjem han seg opp or grava, skal han bli fanga i garnet. For eg sender rekneskaps år over Moab, seier HERREN.

45I skuggen av Hesjbon står utslitne flyktningar. For eld går ut frå Hesjbon, ein loge frå Sihon. Han skal øyda Moabs tinning og skallen på dei som bråkar.

46Ve deg, Moab! Det er ute med Kemosj-folket. For sønene dine blir tekne til fange, og døtrene må gå i fangenskap.

47Men eg skal venda lagnaden for Moab i dagar som kjem, seier HERREN. Så langt dommen over Moab.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 48.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.