Jeremiah 47NO2011NN

1HERRENS ord som kom til profeten Jeremia om filistrane før farao slo Gaza.

2Så seier HERREN: Sjå, vatnet stig frå nord og blir til ei fløymande elv, ho fløymer over landet og alt som fyller det, byane og dei som der bur. Menneska skrik, alle som bur i landet, jamrar.

3For dei høyrer hovslag frå sterke hestar, vogner som ramlar og hjul som dundrar. Fedrane ser seg ikkje om etter borna, hendene er slappe.

4For no er dagen komen då filistrane skal øydeleggjast, då alle i Tyros og Sidon som slapp unna og kunne hjelpa, skal ryddast ut. For HERREN øydelegg filistrane, dei som er att frå Kaftor-kysten.

5Gaza er raka snau, Asjkalon har tagna. Du som er att i dalen, kor lenge vil du rispa deg opp?

6Å, du HERRENS sverd, kor lenge skal det vara før du fell til ro? Trekk deg inn att i slira, kvil og ver stille!

7Korleis kan det falla til ro når HERREN har kalla det ut? Han har sendt det til Asjkalon og til kysten.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 47.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.