Jeremiah 49NO2011NN

1Om ammonittane. Så seier HERREN: Har ikkje Israel born, har han ingen arving? Kvifor har då Milkom teke over Gad og folket hans slege seg ned i byane der?

2Difor, sjå, dagar skal koma, seier HERREN, då eg lèt krigsrop lyda for ammonittane i Rabba. Byen skal bli til ein aud ruinhaug, dotterbyane skal brennast opp. Israel skal driva bort dei som hadde drive han bort, seier HERREN.

3Klag, Hesjbon, for Ai er øydelagd. Skrik, de Rabbas døtrer, kled dykk i sekkestrie, set i med klage og spring att og fram mellom kveene. For Milkom må gå i eksil og prestane og stormennene med han.

4Kvifor skryter du av dalane, av grøderikdomen i dalen din, du bortkomne dotter som set di lit til skattane dine: «Kven kan vel nå meg?»

5Sjå, eg sender redsle over deg, seier HERREN, allhærs Gud, frå alle kantar. De skal drivast bort i kvar si retning, og ingen skal samla dei som flyktar.

6Men sidan vender eg lagnaden for ammonittane, seier HERREN.

7Om Edom. Så seier HERREN over hærskarane: Finst det ikkje visdom lenger i Teman? Har ikkje dei kloke råd å gje? Har visdomen deira rotna?

8Flykt, snu om! Bu i djupet, de som bur i Dedan. For eg lèt Esaus ulukke koma over han, tida då eg krev han til rekneskap.

9Om drueplukkarar kjem til deg, lèt dei ingen etterhaust bli att. Om tjuvar kjem om natta, øydelegg dei kva dei vil.

10For eg kler av Esau og viser fram gøymestadene hans så han ikkje kan gøyma seg. Herja blir borna og brørne og grannane hans, det er ute med dei.

11Berre gå frå dine farlause born, eg skal halda dei i live, og enkjene dine kan lita på meg.

12For så seier HERREN: Sjå, dei som ikkje fortener det, må drikka av begeret. Og så skulle du sleppa straff? Nei, du skal ikkje sleppa, du skal drikka!

13For eg har svore ved meg sjølv, seier HERREN: Bosra skal bli til øydemark og til spott, til ruin og til forbanning. Alle byane der skal liggja i ruin for alltid.

14Ein bodskap har eg høyrt frå HERREN, ein bodberar er send til folkeslaga: «Samla dykk og gå mot byen, reis dykk til krig!»

15Sjå, eg gjer deg liten mellom folka, forakta mellom menneska.

16Redsla du spreidde, og ditt hovmodige hjarte har narra deg, du som bur i fjellkløfter og held til oppe på høgdene. Men om du legg reiret ditt høgt som ørna, skal eg støyta deg ned derifrå, seier HERREN.

17Edom skal bli til øydemark. Alle som går forbi, skal bli forfærde og plystra hånleg over såra ho har fått.

18Det skal gå som då Sodoma og Gomorra og grannebyane vart øydelagde, seier HERREN. Ingen skal bu der, ikkje eit menneske slå seg ned.

19Sjå, lik løva som kjem opp frå den tette Jordan-skogen til sletta som alltid er grøn, slik skal eg på ein augneblink driva dei bort frå landet. Kven er den utvalde som eg skal setja over det? For kven er som eg? Kven kan stemna meg? Kven er den gjetaren som kan stå for mitt andlet?

20Difor, høyr kva avgjerd HERREN har teke om Edom, kva plan han har lagt mot dei som bur i Teman. Sanneleg, dei minste av sauene skal slepast bort, og beitemarkene deira skal bli aude.

21Når dei fell, skjelv jorda av drønnet, heilt til Sivsjøen høyrest skriket.

22Sjå, han stig som ei ørn, stuper ned og breier vengene ut over Bosra. Den dagen skal hjartet til Edoms krigarar vera som hjartet til ei kvinne i barnsnaud.

23Om Damaskus. Hamat og Arpad blir til skamme, for dei har fått høyra ein bodskap om ulukke og skjelv som havet i uro, aldri fell det til ro.

24Damaskus mistar motet, snur og flyktar, ho er gripen av trengsle og av rier som hos ei fødande kvinne.

25Forlaten er den namngjetne byen, mi gledes by!

26Dei unge mennene fell på torga, alle krigarar blir drepne den dagen, seier HERREN over hærskarane.

27Eg set fyr på muren kring Damaskus, eld skal øyda Ben-Hadads borger.

28Om Kedar og Hasor-rika, som kong Nebukadnesar av Babel slo. Så seier HERREN: Opp, rykk fram mot Kedar, øydelegg folka i aust!

29Dei skal ta telta og småfeet frå dei, teltdukane og alle reiskapane, dei skal ta kamelane deira med seg og ropa til dei: «Redsle på alle kantar!»

30Flykt! Skund dykk bort! Gøym dykk djupt nede, de som bur i Hasor, seier HERREN. For kong Nebukadnesar av Babel har teke ei avgjerd og lagt ein plan mot dykk.

31Opp, rykk fram mot eit sorglaust folk, mot dei som bur trygt, seier HERREN. Det har korkje portar eller bommar og bur for seg sjølv.

32Kamelane deira skal bli til rov, den store buskapen til bytte. Dei som har kortklipt hår ved tinningen, skal eg spreia for alle vindar; eg lèt ulukke koma over dei frå alle kantar, seier HERREN.

33Hasor blir ein stad der sjakalar held til, ein ørken for alle tider. Ingen skal bu der, ikkje eit menneske slå seg ned.

34HERRENS ord som kom til profeten Jeremia om Elam i byrjinga av regjeringstida til Juda-kongen Sidkia:

35Så seier HERREN over hærskarane: Sjå, eg bryt sund bogen til elamittane, det sterkaste våpenet deira.

36Mot Elam sender eg fire vindar frå dei fire himmelhjørna og spreier dei for alle desse vindane. Det skal ikkje finnast eit einaste folkeslag der det ikkje kjem nokon som er drivne bort frå Elam.

37Eg slår Elam med skrekk for fienden og for alle som står dei etter livet. Eg lèt ulukke koma over dei, min brennande vreide, seier HERREN. Eg sender sverdet etter dei til eg får gjort ende på dei.

38Så set eg mi trone i Elam og ryddar ut kongen og stormennene der, seier HERREN.

39Men i dagar som kjem, vender eg lagnaden for Elam, seier HERREN.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 49.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.