Jeremiah 22NO2011NN

1Dette sa HERREN: Gå ned til Juda-kongens hus. Der skal du tala dette ordet. Du skal seia:

2Høyr HERRENS ord, du Juda-konge som sit på Davids trone, både du og tenarane dine og folket ditt, alle de som går inn gjennom desse portane.

3Så seier HERREN: Gjer det som er rett og rettferdig! Berg den som er rana, frå undertrykkjarens hand! Ver ikkje harde og bruk ikkje vald mot innflyttarar, farlause og enkjer. De skal ikkje ausa ut uskuldig blod på denne staden.

4Så sant de lever etter dette ordet, skal kongar som sit på Davids kongsstol og køyrer med vogner og hestar, koma inn gjennom portane til dette huset, både dei og tenarane deira og folket deira.

5Men vil de ikkje lyda desse orda, det sver eg ved meg sjølv, seier HERREN, skal huset leggjast i ruinar.

6For så seier HERREN om kongehuset i Juda: Du var eit Gilead for meg, du var toppen av Libanon. Men eg skal gjera deg til ørken, til byar der ingen bur.

7Eg helgar dei som skal øydeleggja deg, kvar med sitt våpen. Dei skal fella dine finaste sedrar og kasta dei på elden.

8Mange folkeslag skal dra forbi byen, og dei skal spørja kvarandre: «Kvifor har HERREN gjort dette med denne store byen?»

9Og dei skal få til svar: «Fordi dei vende seg frå pakta med HERREN sin Gud, tilbad andre gudar og tente dei.»

10De skal ikkje gråta over den døde og ikkje sørgja over han. Gråt heller over han som drog bort, for han skal ikkje koma att, han får aldri meir sjå sitt fødeland.

11For så seier HERREN om kong Sjallum av Juda, son til Josjia, han som vart konge etter Josjia, far sin: Han som fór bort frå denne staden, skal aldri venda attende.

12For han skal døy på den staden der han er i eksil, og dette landet skal han aldri meir få sjå.

13Ve han som byggjer sitt hus med urettferd, sine loftssalar med urett. Han lèt sin neste arbeida utan betaling og gjev han ikkje løna han skal ha.

14Han seier: «Eg vil byggja eit stort hus med romslege loftssalar.» Så høgg han ut vindauge, kler huset med sedertre og målar det raudt.

15Blir du konge av å vera best til å byggja med sedertre? Far din åt og drakk og gjorde det som er rett og rettferdig, og då gjekk det han godt.

16Han felte rett dom for hjelpelause og fattige, og det gjekk han godt. Det er å kjenna meg, seier HERREN.

17Men du har ikkje auge og hjarte for anna enn urett vinning, for å ausa ut uskuldig blod, for å undertrykkja og mishandla.

18Difor seier HERREN om kong Jojakim av Juda, son til Josjia: Ingen held sørgjehøgtid over han og ropar: «Å ve, min bror! Å ve, mi syster!» Ingen held sørgjehøgtid og ropar: «Å ve, herre! Å ve, majestet!»

19Han får gravferd som eit esel, han skal slepast og slengjast bort utanfor Jerusalems portar.

20Gå opp på Libanon og skrik ut, rop høgt i Basan, skrik ut frå Abarim-fjella, for alle elskarane dine er knuste.

21Eg tala til deg då alt gjekk godt, men du sa: «Eg vil ikkje høyra.» Det var din veg frå ungdomen av, for du ville ikkje høyra på mi røyst.

22Vinden skal gjeta alle gjetarane dine, elskarane dine skal førast bort som fangar. Då får du skam og vanære att for alt det vonde du har gjort.

23Du som bur på Libanon og har bygd reir i sedertrea, kor du stønnar når smertene kjem over deg, rier som hos ei fødande kvinne!

24Så sant eg lever, seier HERREN: Sjølv om du, kong Konja av Juda, son til Jojakim, var ein signetring på mi høgre hand, ville eg riva deg av.

25Eg gjev deg i hendene på dei som står deg etter livet, og som du er redd, kong Nebukadnesar av Babel og kaldearane.

26Eg kastar både deg og mor di som fødde deg, bort til eit anna land der de ikkje vart fødde, og der skal de døy.

27Men det landet som dei lengtar etter, skal dei aldri meir koma tilbake til.

28Er då denne Konja eit vanvørdt kar som skal knusast, ein reiskap som ingen bryr seg om? Kvifor er han og hans ætt kasta ut, slengde bort til landet dei ikkje kjenner?

29Land, land, land, høyr HERRENS ord!

30Så seier HERREN: Skriv denne mannen opp som barnlaus, ein mann med eit mislukka liv. Ingen av hans ætt skal lukkast i å sitja på Davids trone og atter herska over Juda.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 22.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.