Jeremiah 21NO2011NN

1Dette ordet kom til Jeremia frå HERREN då kong Sidkia sende Pasjhur, son til Malkia, og presten Sefanja, son til Maaseja, til han for å seia:

2«Spør HERREN til råds for oss! For kong Nebukadnesar av Babel går til krig mot oss. Kanskje HERREN vil gjera eit under for oss, som han så ofte har gjort, så fienden dreg bort.»

3Jeremia sa til dei: Dette skal de seia til Sidkia:

4Så seier HERREN, Israels Gud: Sjå, eg tek frå dykk krigsvåpna de har i hendene, dei som de kjempar med utanfor muren mot kongen av Babel og mot kaldearane som kringset dykk. Eg samlar dei midt i denne byen.

5Sjølv skal eg strida mot dykk med utstrekt hand og sterk arm, i vreide, harme og i veldig sinne.

6Eg skal slå i hel dei som bur i denne byen, både menneske og dyr; dei skal døy i ein stor pest.

7Og sidan, seier HERREN, gjev eg kong Sidkia av Juda, tenarane hans og folket, dei som er att i denne byen etter pest, sverd og svolt, i hendene på kong Nebukadnesar av Babel, til fiendane deira og folk som står dei etter livet. Dei skal hogga dei ned med sverd. Dei viser ikkje medkjensle, skånar ingen og viser ikkje miskunn.

8Og til dette folket skal du seia: Så seier HERREN: Sjå, eg legg fram for dykk vegen til livet og vegen til døden.

9Den som blir verande i denne byen, skal døy for sverd og svolt og pest. Men den skal få leva som går ut og gjev seg over til kaldearane som kringset dykk. Han får livet sitt som krigsbytte.

10For når eg vender andletet mot denne byen, er det til det vonde og ikkje til det gode, seier HERREN. Han skal gjevast i hendene på kongen av Babel, som skal brenna han ned.

11Til kongehuset i Juda: Høyr HERRENS ord,

12du Davids hus! Så seier HERREN: Døm rett om morgonen, berg den som er rana, frå undertrykkjarens hand! Elles skal harmen min loga som eld og brenna utan at nokon sløkkjer, for alt det vonde de har gjort.

13Sjå, eg kjem mot deg, du by som tronar over dalen, du berg på sletta, seier HERREN. De seier: «Kven kan koma over oss og trengja inn i våre bustader?»

14Eg skal straffa dykk etter dykkar gjerningar, seier HERREN. Eg set fyr på skogen i byen, og elden skal øyda alt ikring.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 21.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.