James 5NO2011NN

1Og no, de rike! Gråt og jamra over all den ulukke som ventar dykk!

2Rikdomen dykkar har rotna, og kleda er mølletne;

3gullet og sølvet er rusta bort, og rusta skal vitna mot dykk og eta kroppen dykkar som eld. De har samla dykk skattar i endetida!

4Men høyr: Ho ropar høgt, den løna de heldt att frå arbeidarane som skar åkrane dykkar, og klageropet frå dei som haustar inn, har nådd fram til Herren Sebaots øyre.

5I luksus og overflod har de levd på jorda og gjort hjarta dykkar feite til slaktedagen.

6Den rettferdige har de dømt og drepe, og ingen gjer motstand mot dykk.

7Ver då tolmodige, sysken, til Herren kjem! Ein bonde må venta på den dyrebare grøda frå jorda og vera tolmodig til både haustregnet og vårregnet har falle.

8Slik må de òg vera tolmodige og gjera hjarta sterke, for Herren kjem snart.

9Klag ikkje på kvarandre, sysken, så de ikkje skal bli dømde. Sjå, dommaren står framfor døra.

10Ta profetane til føredøme, sysken, dei som tala i Herrens namn. Dei heldt tolmodig ut når dei måtte lida vondt.

11Ja, alle som held ut, prisar vi sæle! De har høyrt korleis Job heldt ut, og har sett kva ende Herren lét han få. For Herren er rik på medkjensle og miskunn.

12Framfor alt må de ikkje sverja, mine sysken, verken ved himmelen eller jorda eller ved noko anna. Lat eit ja vera ja og eit nei vera nei, så de ikkje skal koma under dommen!

13Er det nokon av dykk som har det vondt? Då skal han be. Er nokon ved godt mot? Då skal han syngja lovsongar.

14Er nokon av dykk sjuk, skal han kalla til seg dei eldste i forsamlinga, og dei skal be over han og salva han med olje i Herrens namn.

15Og bøna som er boren fram i tru, skal berga den sjuke, og Herren skal reisa han opp. Og har han gjort synder, skal han få dei tilgjevne.

16Vedkjenn då syndene for kvarandre og be for kvarandre, så de kan bli lækte. Bøna frå eit rettferdig menneske verkar med stor kraft.

17Elia var eit menneske under same kår som vi. Han bad inderleg at det ikkje skulle regna, og i tre år og seks månader fall det ikkje regn på jorda.

18Så bad han på nytt, og himmelen gav regn, og jorda bar atter si grøde.

19Mine sysken! Om ein av dykk forvillar seg bort frå sanninga og ein annan får han til å venda om,

20då skal de vita: Den som får ein syndar til å venda om frå sine forvilla vegar, bergar sjela hans frå døden og løyner ei mengd med synder.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for James 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.