1 Peter 1NO2011NN

1Peter, Jesu Kristi apostel, helsar dei utvalde som lever som framande, spreidde omkring i Pontos, Galatia, Kappadokia, Asia og Bitynia.

2De er utvalde slik Gud, vår Far, på førehand hadde fastsett, og ved Anden vigde til å vera lydige og til å bli reinsa ved Jesu Kristi blod. Nåde og fred vere med dykk i rikt mål!

3Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde!

4Han har fødd oss til ein arv som aldri forgår, aldri blir skitna til og aldri visnar. Denne arven er gøymd i himmelen for dykk,

5de som i Guds kraft blir haldne oppe ved tru så de når fram til frelsa. Ho ligg alt ferdig til å bli openberra i den siste tid.

6Difor kan de jubla av glede, sjølv om de no ei lita stund, om så må vera, har det tungt i mange slags prøvingar.

7Slik blir trua dykkar prøvd. For når til og med forgjengeleg gull må prøvast i eld, då må òg trua prøvast, den som er så mykje meir verd, så ho kan bli til pris og herlegdom og ære for dykk når Jesus Kristus openberrar seg.

8Han elskar de, endå de ikkje har sett han; han trur de på, endå de no ikkje ser han. Og de jublar og er fylte av ei glede så herleg at ho ikkje kan tolkast med ord,

9for de skal nå målet for trua: frelse for sjelene dykkar.

10Denne frelsa var det profetane søkte etter og ville utforska då dei profeterte om den nåden de skulle få.

11Dei freista å finna ut kva tid Kristi Ande, som var i dei, viste fram til, og korleis den tida skulle vera. For Anden vitna om Kristi lidingar og den herlegdomen som sidan skulle koma.

12Det vart openberra for dei at det ikkje var seg sjølve, men dykk dei tente med bodskapen sin. Og denne bodskapen har de no fått høyra av dei som forkynte evangeliet for dykk ved Den heilage ande, som er send frå himmelen. Dette er noko som til og med englar lengtar etter å sjå inn i.

13Spenn då beltet om livet, ver vakne og budde i tanke og sinn! Set håpet fullt og fast til nåden de skal få når Jesus Kristus openberrar seg.

14Som lydige born skal de ikkje lenger følgja dei lystene de levde etter den tid de var uvitande.

15Han som kalla dykk, er heilag. Slik skal de òg vera heilage i all dykkar ferd.

16For det står skrive: De skal vera heilage, for eg er heilag.

17De påkallar Gud som far, han som ikkje gjer forskjell på folk, men dømmer kvar og ein etter det han har gjort. Då må de òg leva i gudsfrykt den tid de er her som framande.

18De veit at det ikkje var med forgjengelege ting som sølv eller gull de vart frikjøpte frå det tomme livet de overtok frå fedrane,

19det var med Kristi dyre blod, blodet av eit lam utan feil og lyte.

20Han var utpeika til dette før verda vart grunnlagd, og for dykkar skuld har han vorte openberra no i dei siste tider.

21Ved han er de komne til tru på Gud, som vekte Kristus opp frå dei døde og gav han herlegdom. Difor er trua dykkar òg von til Gud.

22I lydnad mot sanninga har de reinsa sjela så de kan leva i ekte syskenkjærleik. Difor må de elska kvarandre inderleg av eit reint hjarte.

23For de er fødde på nytt, ikkje av forgjengeleg sæd, men av uforgjengeleg, ved Guds levande ord som alltid varer ved.

24For alle menneske er som gras og all deira prakt som blomen i graset. Graset visnar, og blomen fell av,

25men Herrens ord varer til evig tid. Dette ordet er evangeliet som er forkynt for dykk.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 1 Peter 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.