Isaiah 5NO2011NN

1Eg vil syngja om min kjære ven, ein song om min ven og vingarden hans. Ein vingard hadde min kjære ven, med den feitaste jord.

2Han hakka han opp, og han plukka stein, og han planta den finaste vin og bygde eit vakttårn i midten, også ei vinpresse hogg han ut. Så venta han seg gode druer, men beiske druer fekk han.

3Og no, de som bur i Jerusalem, og de menneske i Juda: Døm mellom meg og vingarden min!

4Kva meir kunne gjerast med vingarden min enn det eg alt hadde gjort? Kvifor venta eg meg gode druer når druene eg fekk, var beiske?

5No skal eg seia dykk kva eg vil gjera med vingarden min. Eg tek bort gjerdet så han blir til beitemark, eg riv ned muren så han kan trakkast ned.

6Eg skal gjera han til øydemark. Han skal ikkje skjerast og tynnast meir, men torn og tistel skal gro. Og eg skal nekta skyene å la regnet falla på han.

7For vingarden til HERREN over hærskarane, det er Israels hus, og menneska i Juda er hans kjæraste hage. Han venta rett, men sjå, det kom blod, rettferd, men sjå, det kom skrik!

8Ve dei som legg hus til hus og føyer åker til åker heilt til det ikkje er plass att og de er dei einaste som er busette i landet!

9I mine øyre lyder det frå HERREN over hærskarane: Sanneleg, mange hus skal bli aude, store og gode, men utan folk.

10For ein vingard det tek ti dagar å pløya, gjev berre ein bat igjen, og ein homer såkorn gjev ein efa.

11Ve dei som jagar etter sterk drikk frå tidleg morgon av, som sit til seint på kveld og blir heite av vin.

12Dei har lyre, harpe, handtromme, fløyte og vin på festane sine, men HERRENS gjerning merkar dei ikkje, dei ser ikkje kva hans hender har gjort.

13Difor skal folket mitt dra i eksil før dei veit av det, dei fremste skal svelta i hel og folkemassen forgå av tørste.

14Difor opnar dødsriket svelget og sperrar opp munnen på vidt gap, og ned fer dei, både dei fornemme og massen, med sin larm og sin jubel.

15Og mennesket er bøygd, kvar mann er fornedra, dei stolte må slå auga ned.

16Men HERREN over hærskarane er opphøgd i dommen, den heilage Gud viser seg heilag ved rettferd.

17Lam skal beita som i ei utmark, og i rikfolks ruinar skal geiter eta.

18Ve dei som dreg skulda etter seg med tau av løgn og sleper på synd som med vognreip

19og seier: «No må han skunda seg å få gjort det han skal, så vi får sjå det! No må planen til Israels Heilage snart gå i oppfylling, så vi kan kjenna det!»

20Ve dei som kallar det vonde godt og det gode vondt, dei som gjer mørker til lys og lys til mørker, bittert til søtt og søtt til bittert!

21Ve dei som er vise i eigne auge og kloke i eigne tankar!

22Ve dei som er heltar til å drikka vin og djerve karar til å blanda sterk drikk,

23som frikjenner den skuldige for pengar og tek retten frå den rettferdige!

24Difor, slik eld fortærer halm og høy søkk saman i flammane, skal rota deira rotna bort, blomen deira stiga opp som støv. For dei har forkasta lova til HERREN over hærskarane og forakta ordet frå Israels Heilage.

25Difor flamma HERRENS vreide opp mot folket hans. Han lyfte handa mot det og slo det så fjella skalv og lika låg som avfall midt i gatene. Men med det har harmen hans ikkje lagt seg, handa er framleis lyft.

26Han lyfter banneret for eit folk langt borte og plystrar det hit frå enden av jorda. Og sjå, der kjem dei, raskt og lett.

27Det er ingen der som er trøytt eller snublar, ingen blundar og ingen søv. Beltet om livet losnar ikkje, og inga sandalreim slitnar.

28Pilene er kvesste og kvar boge spent, hestehovane er som flint og vognhjula som ein kvervelvind.

29Med eit løvebrøl kjem dei, dei brøler som ei ung løve, knurrar og grip etter byttet sitt, ber det bort, og ingen kan berga det.

30Den dagen stig eit brøl, som brølet frå havet. Ser ein ut over jorda, er det mørker og naud. Lyset mørknar av tunge skyer.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.