Isaiah 6NO2011NN

1I det året då kong Ussia døydde, såg eg Herren sitja på ei høg og opphøgd trone, og kanten på kappa hans fylte tempelet.

2Serafar stod andsynes han. Kvar av dei hadde seks venger. Med to dekte dei andletet, med to dekte dei føtene, og med to flaug dei.

3Dei ropa til kvarandre: «Heilag, heilag, heilag er HERREN Sebaot. Heile jorda er full av hans herlegdom.»

4Røysta som ropa, fekk boltane i dørtersklane til å rista, og huset vart fylt av røyk.

5Då sa eg: «Ve meg! Det er ute med meg. For eg er ein mann med ureine lepper, og eg bur i eit folk med ureine lepper, og auga mine har sett kongen, HERREN over hærskarane.»

6Då flaug ein av serafane bort til meg. I handa hadde han ei glo som han hadde teke med ei tong frå altaret.

7Med den rørte han ved munnen min og sa: «Sjå, denne har rørt ved leppene dine. Di skuld er borte, og di synd er sona.»

8Då høyrde eg Herrens røyst. Han sa: «Kven skal eg senda, og kven vil gå for oss?» Eg sa: «Eg! Send meg!»

9Han sa: «Gå og sei til dette folket: De skal høyra og høyra, men ikkje forstå, sjå og sjå, men ikkje skjøna!

10Gjer hjartet til dette folket feitt, gjer øyra tunge og klin auga att, så dei ikkje kan sjå med auga, ikkje høyra med øyra, ikkje forstå med hjartet og ikkje venda om og bli lækte!»

11Då sa eg: «Kor lenge, Herre?» Han sa: «Til byane ligg aude utan folk og husa er utan menneske og landet ligg audt, ei øydemark.»

12Og HERREN skal senda menneska langt bort, audt og forlate skal landet bli.

13Er det enno att ein tiandedel, skal den òg brennast opp som når ei eik eller terebinte blir felt og berre ein stubbe står att. Den stubben er ei heilag ætt.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.