Isaiah 4NO2011NN

1Den dagen skal sju kvinner gripa tak i same mann og seia: «Brød og klede skal vi skaffa oss sjølve, berre vi får bera ditt namn. Ta vår vanære bort!»

2Den dagen skal HERRENS spire bli til herlegdom og ære og frukta i landet til stordom og heider for dei som slapp unna i Israel.

3Resten som er på Sion, og som er att i Jerusalem, skal kallast heilag, kvar og ein i Jerusalem som er oppskriven til livet.

4Herren skal vaska skiten av Sions døtrer og skylja bort alt blodet frå Jerusalem med Anden som dømmer, med Anden som reinsar.

5Så skal HERREN skapa ei røyksky om dagen og røyk og lys frå ein flammande eld om natta over heile Sion-fjellet og over møtestadene der. For over all herlegdom skal det vera eit vern,

6ei lauvhytte som skyggjer for heten om dagen og gjev livd og skjul mot uvêr og regn.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.