1Sjå, Herren, allhærs HERRE, tek bort frå Jerusalem og Juda støtte og stav: kvar støtte av brød og kvar støtte av vatn,
2kvar krigar og stridsmann, dommar, profet, spåmann og eldste,
3femtimannsføraren og den fornemme mannen, rådgjevaren, trollmannen og den dyktige åndemanaren.
4Så gjev eg dei gutar til leiarar, villstyringar skal herska over dei.
5Folket blir undertrykt, mann av mann og granne av granne, guten set seg opp mot den gamle, den låge mot den høge.
6Når ein mann tek tak i ein annan i farshuset sitt og seier: «Du har ei kappe, du skal vera hovding for oss, di hand skal rå over denne ruinhaugen»,
7då skal den andre ta til ords og seia: «Eg kan ikkje forbinda sår, og i huset mitt finst korkje brød eller klede. Set ikkje meg til hovding over folket!»
8For Jerusalem har snubla, og Juda har falle, for med ord og gjerningar står dei HERREN imot, og dei set seg opp mot hans herlegdom.
9Andleta deira vitnar imot dei. Som Sodoma kunngjer dei si synd og løyner henne ikkje. Ve dei! Dei fører ulukke over seg sjølve.
10Sæl er den rettferdige, for det går han godt, og han skal nyta frukta av sine gjerningar.
11Ve den urettferdige, han går det ille, han får att for det han har gjort.
12Folket mitt blir undertrykt av småborn, og kvinner herskar over det. Mitt folk, leiarane dine villeier deg og fører deg på villspor.
13HERREN stig fram for å føra sak, han står opp for å dømma folka.
14HERREN held rettargang med dei eldste og stormennene i folket sitt. «Det er de som har beitt vingarden snau, det er rov frå dei fattige i husa dykkar!
15Kvifor knuser de mitt folk og mel sund andleta til dei hjelpelause?» seier Herren, allhærs GUD.
16HERREN har sagt: Fordi Sions døtrer er stolte og går med kneisande nakke, blunkar med auga, trippar omkring og ringlar med fotringane sine,
17vil Herren la Sions døtrer få hovudet fullt av skurv, og HERREN vil snaua skallane deira.
18Den dagen skal Herren ta frå dei all stas: fotringane, solsmykka og halvmånane,
19øyredobbane, armbanda og sløra,
20turbanane, fotkjedene og belta, amulettane og talismanane,
21fingerringane og naseringane,
22festkleda, kåpene, sjala og veskene,
23speglane, linskjortene, hovudplagga og skjerfa.
24Då blir det stank i staden for godlukt, reip i staden for belte, fleinskalle i staden for frisyre, sekkestrie i staden for stasklede, svimerke i staden for venleik.
25Mennene dine skal falla for sverd, hæren skal falla i krig.
26Sions portar skal sørgja og klaga, ho sit forlaten på jorda.